Skip To The Main Content

Selskapskontroll av ÅRIM

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Selskapskontroll av ÅRIM

Kommunerevisjonen gir ÅRIM stort sett gode skussmål i den omfattande rapporten etter selskapskontrollen som er gjennomført.

Kommunerevisjonen oppsummerer eigarstyringa slik:

«Når det gjelder eierstyringen av ÅRIM så vurderer vi den som god. Vi vil her spesielt peke på strategiplanen som representantskapet la fram. De utfordringer som er i eierstyringen av ÅRIM er knyttet til samkoordinering, avklaringer og kommunikasjon med Ålesund kommune.

Kommunerevisjonen mener det må skje en avklaring av oppgavefordelingen mellom ÅRIM og Bingsa Næring.

Kommunerevisjonen mener det må skje noe vesentlig med organiseringen av Bingsa Næring.»

ÅRIM deler oppfattingar med Kommunerevisjonen

Rapporten frå Kommunerevisjonen skal no til behandling i Kontrollutvalet i Ålesund.

ÅRIM deler konklusjonane frå Kommunerevisjonen. Det er gjort eit omfattande arbeid frå Kommunerevisjonen for å kontrollere at ÅRIM forvaltar fellesskapet sine midlar og politiske avgjerder på ein god måte. Dette er viktig for ÅRIM.

Kommunerevisjonen har sett ekstra nøye på samhandlinga mellom Ålesund kommune som eigar og ÅRIM. Konklusjonen til Kommunerevisjonen er at det er viktig at samhandlinga mellom partane blir betre.

ÅRIM ser at det aldri kan bli nok informasjon og kontakt med eigarkommunane. Det å få høve til å orientere om ÅRIM i Ålesund bystyre, som er det einaste av kommunestyra i eigarkommunane som ikkje har ønskja ei slik orientering, kan, som Kommunerevisjonen peikar på, vere eit slikt tiltak.

Ålesund kommune er no i ein prosess med omorganisering av Bingsa Næring (Næringsdrift avfall). Kommunerevisjonen peikar i sin rapport på at «Kommunerevisjonen deler ikke den vurdering at det i Ålesund kommune nå er et klart skille mellom næring og husholdning.»  ÅRIM ser det difor som naturleg at Ålesund kommune i samband med omorganiseringa avklarer kva oppgåver som i dag blir utførte som er lovpålagde, og kva oppgåver som er av meir kommersiell art. For den delen av oppgåvene som er lovpålagde, ser ÅRIM det som naturleg at selskapet blir involvert i diskusjonen om framtidig organisering.

Behandling i kontrollutvalet
Kontrollutvalet i Ålesund behandla selskapskontrollen 15. februar 2018. Leiar i kontrollutvalet, Torgrim Finnes, uttalte ​at ÅRIM framstår som eit godt drive selskap.