Skip To The Main Content

Renovatør

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Miljøselskapet ÅRIM samlar hushaldsavfall og slam frå hundre tusen innbyggjarar i Ålesundregionen. Vi har også ansvaret for ni miljøstasjonar i regionen. Selskapet er eigd av tolv kommunar og har om lag femti tilsette.  Les meir om ÅRIM på arim.no.

Renovatør

Arbeidsoppgåver:

Som renovatør i ÅRIM er di viktigaste oppgåve å få avfall til gjenvinning. Du er sjåfør på ÅRIM sine renovasjonsbilar, kommuniserer godt med kundane våre. Du er observant og er med på å levere gode tenester til kundane våre.

Eigenskapar:

Du må vere i fysisk god form og like å arbeide ute i all slags vêr. Du er kundeorientert og er ein trygg sjåfør.

Kvalifikasjonane vi legg vekt på ved tilsetting:

  • Førarkort i klasse C.
  • Gode språkkunnskapar.
  • Fagbrev innan transport og logistikk eller gjenvinning.

ÅRIM kan tilby:

Ordna arbeidsforhold. Løn etter avtale.

Oppmøtestad Ålesund. Nærare opplysingar om stillinga blir gitt av driftsleiar Tom Haugen på telefon 94 15 49 47. ÅRIM er oppteken av mangfald og ønskjer kvalifiserte av begge kjønn til å søke.

Send søknad elektronisk, sjå www.alesund.kommune.no under «Jobb hos oss».

Søknadsfrist: 31. desember 2017

renovasjon, renovasjonsbil, nedlasting, årim