Skip To The Main Content

Strandrydding 2017

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Takk for at du vil rydde strendene i nærområdet - dette er ein viktig jobb for miljøet.

Slik gjer du det:
1. Opprett ryddeaksjon hos Hold Norge Rent. Få aksjonskode.
2. Fyll i tillegg ut dette skjema, der du informerer ÅRIM om kvar du skal rydde.
3. Om vi skal hente avfallet: Fyll ut skjema. Vi kontaktar deg for avtale.
    Om du skal levere til miljøstasjonen:Skriv ut skjema og vis fram på miljøstasjonen​.

Både Hold Norge Rent og ÅRIM må ha informasjonen, for å få dekt utgifter til å behandle avfallet folk samlar inn. Vi håper du er litt tolmodig og kan fylle ut begge skjema.

  • Folk som vil rydde i Ålesund kommune bestiller ikkje via ÅRIM, men kontaktar kommunen på telefon 70 16 21 68.
Skriv aksjonskoden her.

De​nne type avfall kan vi hente med renovasjonsbil på avtalt stad:
  • Kanner, posar og andre ting av plast
  • Papp og papir
  • Anna rusk og rask
  • Avfallet må vere i avfallssekkar

Denne type avfall må leverast til miljøstasjonen, fordi det kan vere til skade for renovasjonsbil eller forbrenningssanlegg:

  • Garn
  • Lange tau og anna tauverk
  • Gjenstandar større enn ein sekk (må avtalast spesielt)
Korleis vil du levere avfallet?

Fyll ut namn på person som har ansvar for å levere avfallet.
Fyll i dagen/dagane du vil rydde
Fyll inn kvar du vil plassere avfallet. Avfallet må stå lett tilgjengeleg for renovasjonsbil.
Dette er eit anslag, slik at vi er førebudd på kva mengder vi skal hente.
strandrydding

Marin forsøpling  - eit alvorleg miljøproblem

Havet er fylt med store mengder plast, metall, trevirke, papir og tekstilar. Det er særleg plasten som er eit alvorleg miljøproblem; både plasten som fiskane trur er mat, og den som dei blir vikla inn i.

Meld inn ryddeaksjonen
Det er svært viktig at vi er mange som bidrar og ryddar. Dette er eit dugnadsarbeid som krev mange hender og mykje arbeid. Det ÅRIM kan gjere, er å ta ansvar for avfallet folk leverer inn. Det er snakk om store  mengder avfall, det er difor svært viktig at folk melder inn på førehand kor mykje dei skal levere. Da kan ÅRIM få dekt kostnadar vi har med å sende avfallet til riktig behandling.

Du kan få avfallet henta, eller levere det til ein miljøstasjon
Når du fyller ut skjemaet, informerer du om kva du planlegg å gjere med avfallet. Du kan enten plassere det slik at vi får henta avfallet med renovasjonsbil, eller du kan levere det sjølv til ein bemanna miljøstasjon i opningstida.

​ÅRIM tek imot avfall som folk har rydda og samla langs strendene i regionen. Vi kan ikkje ta imot næringsavfall, altså avfall som bedrifter sjølve er ansvarlege for. .