Skip To The Main Content

Kva du må passe på

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Hugsereglar før tømming

  • Tanken må vere gravd fram og fri for jord eller snø.
  • Grav også godt rundt tankloket slik at det er enkelt å løfte av.
  • Tømmebilen må ha god tilkomst. Tilkomstveien må vere fri for tre og buskar. Vegen må ha ei breidde på 3,5 m og ei fri høgde på 3,5 m.
  • Hugs at dei som kjem for å tømme tanken ikkje veit nøyaktig kvar tanken er plassert. Merk difor plasseringa av tanken godt slik at dei tømmer riktig tank. Legg for eksempel brevet om tømming i ein pose og legg under ein stein på tanken. Du kan og markere tanken med ei tydeleg merka stikke.
  • Dersom tanken ikkje er klargjort/merka før tømming, eller vi blir nekta å utføre tømminga når vi kjem på plassen, vil du likevel få årleg gebyr på vanleg måte.
  • Du vil få utlevert kvittering på ferdig utført arbeid så snart vi har tømt tanken; enten i postkassa, på tanklokket eller hengt på døra.

Tidspunkt for tømming

  • Du får brev i god tid før tømming slik at du rekk å gjere klar tanken
  • Dersom tidspunktet du får beskjed om ikkje passa, er det viktig at du gir beskjed i god tid, så avtaler vi nytt tidspunkt
  • Dersom abonnenten ikkje tek kontakt og septiktanken ikkje er klar, vil septikbilen køyre vidare.

Ansvar for tømming

  • Det er huseigar sitt ansvar å kontrollere at du får utført tømming.
  • Du kan sende klage/reklamasjon på arbeidet innan 3 veker etter at jobben er utført for at klagen skal bli vurdert.

Utkopling av slamavskiljar

  • Dersom du har slamavskiljar og skal kople ut tanken, ta kontakt med ÅRIM.
  • Sluttømming forutset at kommunale avgifter for slamtømming eller avløpsgebyr er innbetalt.

Ikkje alt skal i toalettet

Dersom du brukar vask og toalett på riktig måte vil ikkje røra tette seg.
Dette er døme på kva som ikkje skal i do:

- Våtserviettar - Bleier
- Bind
- Q-tips
- Store mengder toalettpapir
- Kjemikaliar
- Filler
- WC-blokker
- Fett
- Mjølk frå mjølkerom/fjøs