Skip To The Main Content

Tette tankar

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Slik fungerer tette tankar

Det finst ulike typar tankar; tette tankar og slamavskiljarar. I ein tett tank blir avløp samla opp i tanken. Tanken har ikkje noko utløp, og slammet blir ikkje rensa.

Tømming av tett tank
Ved tømming av tett tank, blir alt innhaldet i tanken tømt utan retur av rensa vatn.

Det er vanleg å bruke tette tankar i hyttefelt og område der det ikkje er lov å ha utslepp.Tankane blir tømt kvart år, eller oftare dersom behov.

Om du har ein tett tank, er det viktig å passe på at toalettet ikkje lek. Dette fører til at tanken fyller seg unødvendig fort opp.

Har du problem med tanken?

Det kan vere fleire grunnar til dette     

  • Innløp
    Røra frå huset går i tanken  At toalettet tapper seint ned kan tyde på at røret er tett eller at tanken er så full, at nivået er høgare enn innløpet.

    Trinnvise løysingar:
    1. Løft av lokket på tanken
    2. Er nivået i tanken opp til innløpet?
    3. Dersom ja, kontakt ÅRIM for tømming av tanken.
  • Nivå i tanken
    Nivået for ein tett tank varierer, etter bruk av toalett, dusj, vask og vaskemaskiner. Nokre har også gråvasstank ved sida av ein tett tank, der vaskevatn blir filtrert..

    Nivået for ein tett tank må ikkje gå over innløpet på tanken. Dersom det skjer vil ein få problem med å tappe ned i toalettet. Blir tanken for full vil nivået stige så høgt at det til slutt vil renne over i tanken.

    Det er abonnenten sitt ansvar å sørge for at tanken blir tømt og fungerer etter utsleppsløyve.

Septiktank

Ein eldre slamavskiljar utan kammer blir ofte kalt septiktank.