Farleg avfall har eiga kvote. Du må levere reine lass med farleg avfall for å levere på denne kvota. Køyrer du blanda lass må du innom vekta i fleire runder så det blir registrert på riktig kvote.
Alle husstandar kan levere farleg avfall gratis til ein bemanna miljøstasjon.
Farleg avfall er avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Farleg avfall skal handterast slik at miljøgifter ikkje lekk ut i naturen og skader menneske, dyr og miljø.
Lever avfallet i original emballasje hvis mogleg – eller bruk anna tett emballasje og merk med innhald.
Restar av medisinar leverer du til apoteket eller gjenvinningsstasjonen.
Tom emballasje leverer du som farleg avfall dersom det er merka med eit eller fleire faremerker. Her finn du ein oversikt over faremerkene.
Døme på farleg bygningsavfall er impregnert trevirke, asbest og golvbelegg med ftalatar. Dei tilsette på miljøstasjonane vil fortelje deg kva som er farleg bygningsavfall.
Impregnert trevirke inneheldt tidlegare kjemikaliar som kreosot, eller salt av tungmetall for at trevirket ikkje skulle rotne. Miljøgiftene går etter kvart ut i omgivelsane, så unngå impregnert trevirke i grønnsaksbedet eller der du oppbevarer mat.
I Noreg skjer sluttbehandling av, for eksempel tungmetallhaldig avfall, syrer og basar ved deponering. Sluttbehandling av måling, lim, lakk og olje skjer ved at avfallet først blir forbehandla og deretter går til forbrenning i Norcem sin sementomn i Breivik i Telemark.
Produkt som er går under farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff. Unngå difor at stoffa havnar på avvege:
Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.
Farleg avfall inneheld stoff som kan skade menneske dyr og natur – sjølv i små mengder.
Kvart år oppstår det nesten 1,1 million tonn farleg avfall i Noreg. Store delar av dette veit ein ikkje kvar havnar.
Om di virksemd har meir enn ein kilo farleg avfall årleg er du forplikta til å levere dette minst ein gong per år til eit lovleg mottak for farleg avfall.