Sorter plastemballasje i gjennomsiktig sekk frå ÅRIM. Plasten skal være rein og tørr før sortering. Husk å knytte sekken med dobbel knute. Dette er for at posen ikkje skal åpne seg under frakt og plasten blande seg med papp- og papir og dermed øydelegge heile lasset for gjenvinning.
ÅRIM hentar plastsekken saman med papiret kvar fjerde veke.
Etter henting blir plastsekkane sortert ut av papiret og sendt til materialgjenvinning.
Plastemballasje er innpakning som har beskytta matvarer og andre produkt. Produkt laga av plast skal du ikkje sortere saman med plastemballasjen.Kjøper du ein leikebil i plast, skal du sortere innpakningen som plastemballasje. Plastbilen kastar du i restavfallet.
Det aller meste av plastemballasjen er klar for sortering når den er tom for mat- og produktrestar. Ei påleggspakke er klar for sortering sjølv om den fortsatt er litt fettete.
Om plasten er veldig skitten er det bedre at ein kastar den i restavfallet. Brukar du mykje varmt vatn for å reingjere emballasjen er det lite miljøvennlig. Skitten plastemballasje gjer dårlige arbeidstilhøve for dei som jobbar med gjenvinninga og kan i tillegg øydelegge for gjenvinninga av den andre plastemballasjen.
Plast frå norske husholdninger består av mange forskjellige plastkvalitetar. Plast som ikkje er emballasje, for eksempel leker, hagemøblar, bøtter, hageslangar, kjøkkenreiskap og anna skal ein ikkje levere saman med plastemballasjen.
Årsaken til dette er at plastemballasje og anna plast kan ha ulik sammensetning og smeltepunkt og difor ikkje kan materialgjenvinnast saman. Finn ut kor du kan levera produkt av plast.
Produkt i plast leverer du til gjenvinningsstasjonen. Små produkt i plast kan du kaste i restavfall.
Emballasje som er satt saman av forskjellige material (plast/papir eller plast/aluminium) kan ikkje gjenvinnast saman. Denne emballasjen kan ein kasta i restavfallet. Dette gjeld også brødposer som ofte består av papir og plast.
Dersom du enkelt kan skilje papir og plast frå kvarandre kan du sortere i papir og plastemballasje. Då bidreg du til at ressursane blir gjenvunne til nye material.
Bioplast sorterer ein som plastemballasje, mens nedbrytbar og komposterbar plast skal i restavfallet.
Nedbrytbar og komposterbar plast vil øydelegge kvaliteten på produkt som vert laga av gjenvunne plast. Emballasjen er oftest merka dersom den er ein av disse typene. Navna til desse nye plasttypane kan gje inntrykk av at desse kan kastast og brytast ned i naturen. Det stemmer ikkje. Både bioplast og nedbrytbar plast blir til mikroplast når den hamnar i naturen.
Ta av papir som er lett å ta av, som papir rundt kjøttdeigpakka. Etiketter kan ein la stija på.
Etikettar vert skilt bort i vaskeprosessen på gjenvinningsanlegget plastemballasjen vert levert til.
Dersom det er mykje papir på plasten kan den bli avvist i sorteringsprosessen. Då blir den ikkje gjenvunne til ny plast.
Mange kaller knitrande, blank folie for cellofan, sjølv om det som oftest er plast. Folie rundt blomster f.eks. kan ein sortera som plastemballasje. Er du i tvil om det er cellofan eller plast, så kan du ta vritest. Åpner vridningen seg igjen, så er det plast. Åpner den seg ikkje, så er det cellofan. Cellofan kan ein kasta i restavfallet.
Dei fleste norske produsenter merkar emballasjen med et symbol som viser korleis emballasjen skal sorteras. Sjå først etter dette. Emballasje som er satt saman av ulike material skal i restavfallet.
Er du usikker på om det er papir eller plast, kan du ta en rivetest. Er det lett å rive, er det ofte papir. Krøllar du det saman og det sprett ut, er det ofte plastemballasje.
Samlar det seg til en klump, er det gjerne metallemballasje, som aluminium.
Svart plastemballasje sorterer du saman med annan plastemballasje.
Svart plast kan vere vanskelig å lese hjå sorteringsanlegga, spesielt den typen som vert omtalt som carbon black. Nokon greier det i dag, men ikkje alle.
Sorteringsanlegga og Grønt punkt Norge jobbar med å få fram nye løysingar for å få få gjenvunne meir av den svarte plastemballasjen.
Difor anbefalas det at du sorterer all svart emballasje som plastemballasje.
Plastemballasjen blir pressa til store baller og levert til returselskapet Grønt Punkt AS.
Fordi det finnes få moglegheiter for gjenvinning av plasten i Norge, blir plasten frakta vidare til store sorteringsanlegg i blant anna Nord-Tyskland.
Grønt Punkt krever dokumentasjon frå anlegga som mottar plasten om kvar den faktisk ender opp. I 2019 blei plasten materialgjenvunnet til nye produkt i desse landa:
Om lag 2/3 av all innsamla plast blir sortert ut til materialgjenvinning. Resten er ureinske, etikettar og plast som ikkje egnar seg til materialgjenvinning.
Les meir om kva din kildesorterte plast kan bli til på grontpunkt.no
Knytt ein vanleg berepose på dunken din. Då legg renovatøren igjen ein rull med nye plastemballasjesekkar til deg.