Skip To The Main Content

Slik sorterer du plast

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Gjer kjeldesortering til ei sjølvfølgje

Det er viktig at plastemballasjen er tom, rein og tørr når han blir levert inn. Det er fleire grunnar til dette. Det er menneske som behandlar emballasjen vidare når han blir sortert, i transport og på gjenvinningsanlegg. Og så er det viktig å få så god kvalitet på plasten som mogleg; det er emballasjen som blir til ny plast, ikkje matavfallet.

Skyll emballasjen

  • Skyll plastemballasjen i kaldt vatn
  • La emballasjen tørke. Eit godt tips for å unngå rot, er å riste vatnet godt av, og la plasten tørke der du kjeldesorterer plasten.

Sett sekken ut kvar fjerde veke

Tøm plasten i plastsekken

  • Sekken kan du plassere tørt, for eksempel i ei bod eller i kjellaren
  • Nokre kjøper stativ, andre heng han på ein knagg eller krok.
  • Plasten skal vere så rein at han kan stå innandørs  i fire veker utan å lukte.

Sorter emballasjen

​Treng du nye sekkar?

  • Knyt ein pose på dunken dersom du har behov for nye sekkar. Renovatør vil leggje att ein rull til deg.
  • Du kan også få sekkar hos ÅRIM eller på servicekontoret til kommunen din.
  • Du kan levere så mange plastemballasjesekkar som du vil. Renovatør tek med alle. Det er berre emballasje som skal i sekken