Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Blanda avfall Blanda avfall

Standardkvote: 600kg

Krav til levering

Bruk gjennomsiktige plastsekkar om du leverer avfallet i sekk. Blanda lass går som grovavfall, så hugs å sortere før du reiser heimefrå så du ikkje brukar om unødig mykje av kvota di.

Dette er blanda avfall:

Blanda avfall er grovavfall som er for stort eller tungt for restavfallsbehaldaren.

Det er viktig at store og tunge ting som gamle gryter, kjeler og stekepanner ikkje blir kasta i restavfallsbehaldaren heime. Slikt avfall kan skade både bil og renovatørar som arbeidar med å hente avfallet.

Merk at mykje av det som blir kalt for blanda avfall kan leverast gratis på gjenvinningsstasjonen forutsatt at du leverer reine lass. Blanda lass går som blanda avfall (også kalt grovavfall).

Slik gjer du det:

Nokre gonger har vi større mengder og andre typar avfall enn vanleg. Tommelfingerregelen er at store og tunge gjenstandar ikkje er restavfall, men skal blir levert til ein av våre miljøstasjonar.

Kastar du blanda avfall/grovavfall i restavfallet kan du risikere at avfallet ditt ikkje blir tømt. I tillegg kan det gjere store skader i ettersorteringsanlegget vårt, som igjen krev tid og ressursar på reparasjonar og vedlikehold.

Det blanda avfallet leverer du til miljøstasjonen i gjennomsiktige avfallssekker eller laust på hengar.

Bingsa Miljøstasjon
Hugs å køyre over vekta fleire gongar om du køyrer grovavfall saman med avfall det er fri kvote på.

Ja takk!

  • Gamle gryter, kjeler og stekepanner
  • Knivar
  • Møblar
  • Madrasser
  • Sportsutstyr
  • Tepper
  • Trevirke og bygningsmateriell
  • Oppblåsbare badebasseng/badeleker
  • Tilgrisede tekstiler
  • Bilder/speil med rammer
  • Saccosekker
  • Flettekurver
  • Brukt tapet
  • Tau

Nei takk!

  • fyrverkeri
  • matavfall
  • dyrekadaver
  • ammunisjon
  • infeksjonsfremjande stoff
  • radioaktive stoff
  • campingvogner
  • småbåtar over 15 fot

Kva med..

Kasserte fritidsbåtar under 15 fot?

Du kan levere små fritidsbåtar utan innanbordsmotor inntil 15 fot på alle våre miljøstasjonar. 

Avfall frå strandrydding?

Du kan levere avfall frå strandrydding til alle våre bemanna miljøstasjonar. Ved levering må du ha med aksjonskoden frå Hold Norge Rent.

Ønskjer du å opprette ryddeaksjon? Sjå her.

Kva blir det til

Brennbart avfall frå miljøstasjonane blir kverna og sendt vidare til energigjenvinningsanlegget til Tafjord Kraftvarme AS på Grautneset i Ålesund.

I omnen til energigjenvinningsanlegget blir temperaturen kontrollert for å sikre at miljøskadelege stoff blir destruert. Røykgassen blir nytta til å drive ein dampturbin som produserer elektrisitet, restvarmen i røyken blir nytta til fjernvarme.

Før røykgassen kan sleppast ut av pipa, blir støv og tungmetall fjerna i fleire rensetrinn. Innhaldet i røykgassen blir målt kontinuerleg og resultata blir rapportert til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Om du er interessert i å vite meir, finn du utsleppsdata her: https://www.norskeutslipp.no/no/Diverse/Virksomhet/?CompanyID=18259

 

 

shortcut_card

Hugs miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Eller kanskje treng du nytt kort?

Les Meir

Visste du at..

  • Ett kilo restavfall gir nok energi til å kjøyre to panelovnar på full drus i to timar?
     
  • Det finst over 20 forbrenningsanlegg i Norge?
     
  • Fjernvarme er distribusjon av termisk energi gjennom eit røyrnett?