Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Difor skal du kildesortere

Difor skal du kildesortere

Kva skjer med søpla vi sorterer og kor viktig er det egentlig å kildesortere?

Auka befolkning og forbruk gir auka krav til produksjon av material. Dette gjer at jorda sine naturressursar blir stadig meir pressa. Vi må difor tvinge fram løysingar for å få ressursane inn i et krinsløp. Det er nettopp det kildesortering handlar om. Å ta vare på materiala i avfallet og bruke dei som råvarer til å lage nye produkt.

Ved å bruke råmateriala på nytt begrensar vi behovet for å ta ut naturressursar, og sikrar at naturressursene som allereie er tatt ut kan bli brukt om igjen.

Mange av råvarene vi brukar i kvardagen blir henta ut på andre kontinent og har ei lang reise før dei hamna i handleposane våre. Nokre av råstoffa er fornybare, til dømes luft og vatn, men veldig mange er ikkje-fornybar.

Å gjenvinne avfall til nye råvarer krev imindre energi enn når vi vinner ut råvarer frå naturen. Når vi smeltar om ei boks aluminium, som det til dømes har vore makrell i tomat i, krev det berre fem prosent av energien som trengst for å utvinne bauksitt (aluminiummalm), for å skulle fremstille samme mengde ny aluminium.

Gjenvinning for å beskytte natur, mennesker og dyr

Kildesortering handlar om å ta betre vare på miljøet, og å utnytte dei begrensa ressursane vi hentar frå naturen på best mogleg vis. Slik kan vi unngå at skadelege stoff og miljøgifter havnar på avveie og gjer skade på natur, mennesker og dyr.

Når farleg avfall som lysstoffrør og spraybokser blir levert til gjenvinning blir miljøgiftene tatt hand om på ein forsvarleg måte. For sjølv små mengder på avveie kan gjere stor skade. Sparepærer kan t.d. inneholde kvikksølv, eit metallisk grunnstoff som leiar straum, men det er også ein av de farlegaste miljøgiftene vi har.

Viktige suksesskriterier

For at vi skal lykkast med kildesortering er vi avhengig av at kommunane tilretteleggjer for gode system, og at forbrukarane tar sin del av ansvaret ved å sortere avfallet sitt. Slik blir søppel til ressursar.

Typiske spørsmål

Redder vi klimaet ved å kildesortere?

Når effekta av kildesortering blir debattert i media er dette eit spørsmål som stadig blir stilt, og svaret er: sjølvsagt ikkje. Men veit du kvifor? Fordi spørsmålet blir stilt på feil måte.


Det blir for enkelt å samanlikne kildesortering og resirkulering med andre klimatiltak kor potensialet for reduksjon av CO2-utslepp er større, som å kutte flyreiser og slutte å køyre bil. Avfall handlar om meir enn CO2 og klima. Det handlar om gjenvinning og utnytting av ressursane, og dermed blir det ikkje rett å sette kildesortering opp mot andre klimatiltak.

 

I ei perfekt verd kjøper vi bare kvaitetsprodukt som varar til evig tid, som vi aldri ønskjer å byte ut og som blir levert utan emballasje. Men verda er ikkje perfekt og avfall er uunngåeleg. Vi produserar store mengder avfall kvar einaste dag, nesten eit halvt tonn i året per innbygger i Norge.

 

Kildesortering handlar ført og fremst om å ta vare på desse ressursene, og det er noko fleire enn vi i Norge er oppteken av. EU stiller krav om at 65 prosent av alt avfall skal bli materialgjenvunne innen 2035. I Norge i dag materialgjenvinner vi i underkant av 40 prosent, og vi skal brette opp ermene for å redde enda fleire ressurser.

 

Avfallet du sorterer er råvarer som kan bli brukt på nytt, og det er meir klimavennleg å bruke råvarene på nytt enn å utvinne nye råvarer.

Kva skjer med søpla etter at eg har kildesortert den?

Om vi kildesorterer og resirkulerer blir avfallet vårt til nye råvarer. Resirkulert glass blir til nye glass eller brukes som råstoff i isolasjon, metallet fra metallemballasje smeltes om til nye metallprodukter, og matavfall blir til miljøvennleg biogass og biogjødsel, eller kompostjord.

Alt avfall som er egna til gjenvinning bør bli brukt om igjen så mange ganger som mogleg, før det til slutt blir nytta til produksjon av straum og varme. Då brennes avfallet, og det kan bare gjøres ein gong.

Hugs at..

Mindre forbruk gir mindre avfall. Jo mindre avfall, dess betre.

Visste du at..

Kopar er eit eksempel på ei begrensa råvare som jorda snart vil gå tom for om vi ikkje gjenvinner det vi tar ut.

 

Kopar er ein viktig komponent i mange elektriske produkt fordi kopar leiar straum. Metallet forekommer i naturen i rein form, men til kommerielt bruk blir det framstilt av malm, ein bergart som blant anna inneheld koparmineral.

 

Det anslås at jorda sine koparereservar frå malm er på cirka 350 millioner tonn. Sidan vi brukar cirka 10 millioner tonn i året er dette ein begrensa ressurs.

Om vi ikkje gjenvinn kopar, til dømes ved å levere brukte mobiltelefonar der vi kjøper elektronikk, vil jorda sine koparreservar vere tomme om 30 til 40 år.