Skip To The Main Content

Abonnementet

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

fire dunkar  Standardabonnementet i ÅRIM-kommunane er:

  • 140 l restavfallsdunk 
  • 140 l matavfallsdunk
  • 140 l glas og metallemballasjedunk
  • 240 l papiravfallsdunk (eventuelt 140 l)
  • 140 l plastemballasjesekk 

 

Restavfall og mat blir henta annakvar veke. Papir og plast blir henta kvar fjerde veke i samme bil. Glas og metall blir henta kvar tiande veke.  Dersom du ikkje veit kva dagar avfallet blir henta, kan du sjå det på renovasjonskalenderen for din kommune. Du kan også laste ned app-en Min Renovasjon som varslar om henting.

I "gamle Ålesund" har vi ikkje innsamling av matavfall enda, og det er uavklart når dette blir innført. Der hentar vi restavfallet kvar veke. Elles er ordninga som forklart over.

Større papirdunk utan pristillegg

​Mange har 140 l papirdunk. Du kan få ​større papirdunk utan tillegg i pris. Du kan bestille større papirdunk her.

Har du behov for større eller mindre restavfallsdunk?

Større restavfallsdunk har høgare pris. Ta kontakt dersom du ønskjer å endre abonnementet ditt. 

Redusert abonnement

Folk som har lite avfall kan bestille abonnement der vi hentar restavfallet sjeldnare. Om du bestiller redusert abonnement, skiftar vi til lyst grått lokk

  • Vi hentar restavfall kvar fjerde veke
  • Vi hentar matavfall annakvar veke.

Redusert abonnement i "gamle" Ålesund:

  • ​​Vi hentar restavfallet kvar andre veke