Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

EE-avfall EE-avfall

Standardkvote: Fri kvote

Krav til levering

EE-avfall kan du levere gratis til miljøstasjonar og forretninger som sel elektroprodukt.

Dette er EE-avfall

Elektrisk og elektronisk avfall er produkt som går på strøm eller batteri som skal kastast. Dette kan være alt frå kjøleskåp og komfyrar til blinkesko og tastatur.

Slik gjer du det

Lever produkta så heile som mogleg for å unngå brannfare, at nkon skadar seg, eller at miljøskadelege stoff lekk ut.

Alt elektrisk og elektronisk avfall skal vere merka med ein overkryssa avfallsbehaldar. Det betyr at produktet ikkje skal kastast i restavfallet.

  1. Finn næraste gjenvinningsstasjon eller butikk som sel den typen produkt du skal levere inn (elektrovareforhandlar, daglevare, leketøysforretning, lampebutikk, bokhandel eller liknande).
  2. Lever produktet gratis til butikken eller næraste gjenvinningsstasjon.
EE-avfall
Elektrisk og elektronisk avfall leverar du gratis på næraste miljøstasjon eller butikk som selv liknande varer.

Kva gjer du med:

Elektriske produkt frå ein anna leverandør enn det butikken sel?

Ein butikk som sel ein type produkt skal ta imot same type produkt uansett om det er same merke eller eit anna merke.

Dersom du skal leverer inn øydelagte hodetelefonar kan du levere desse til alle butikkar som sel hodetelefoner.

Skal du levere inn ein øydelagt elektrisk drill kan du levere denne til alle butikker som sel elektriske drillar.

Elektriske produkt du ønskjer å få reparert?

Ta kontakt med butikkkjeda produktet er kjøpt i. Sjekk kva for reparasjonsmogelegheiter som fins om garantien er gått ut, eller om det er mogleg å få tak i ekstradeler. 

Elektriske produkt du skal skifte ut som framleis verker?

Gje bort eller sel desse på marknadsplasser på nett eller i sosiale medier. Sjølv om du ikkje har bruk for produktet lenger, er det fleire som er interessert i å bruke produktet videre. Din gamle TV kan bli nokon annans nye TV.

Småprodukt med elektriske dela?

Uansett kor stor eller liten elektronikken er, kan den innehalde gassar, oljer eller andre miljøgifter. Desse er ikkje farlege når produktet er i bruk, men når produktet er øydelagt og skal kastast er det viktig at miljøgiftene vert behandla og håndtert riktig.

Det er difor du som forbruker kan levere elektriske produkt gratis til butikkar som sel produkta, også om det er eit anna merke. Lever difor alt inn til gjenvinning – uansett kor stort eller lite det er.

Kva blir det til

Spesialfirma henter EE-avfall fra butikker som sel slike varer og frå kommunale mottak. EE-avfallet blir sortert og videresendt til anlegg for demontering, ombruk, gjenvinning og/eller destruksjon.

Miljøsanering av EE-avfall betyr å identifisere og sortere ut dei komponentane som inneheld miljøskadelege stoff. Slike stoff finn vi blant anna i kretskort, kablar, displayer, batteri, TV'ar og kompressorar.

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Hugs miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir

Visste du at..

Elektriske produkt inneheld råstoff det er begrensa av på jorda og som er svært krevjande å utvinne.
 

Mange av råstoffa blir henta ut frå gruver i andre verdensdelar, og utvinninga av desse råstoffa gir store utslepp.
 

  • Bruk difor produkta så lenge som mogleg før du leverer dei til gjenvinning.
  • Sjekk ut moglegheiter for reparasjon og ekstradelar.
  • Skal du skifte ut eit produkt som verkar, kan du gje bort det gamle eller selje det på finn.no slik at nokon andre kan ha glede av det vidare.