Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Eg flyttar

Eg flyttar

Det er mange spørsmål som dukker opp i forbindelse med kjøp/salg av bustad. Korleis søpla di blir handtert treng ikkje vere eitt av dei.

Du har gjerne nok av andre ting å tenke på enn renovasjonen din i en flytteprosess, så her kjem ei forklaring på nokre av spørsmåla du måtte sitte med.

Vanlege spørsmål

Kva gjer eg med renovasjonskortet mitt når eg flyttar?

Renovasjonskortet ditt følger adressa. Difor skal du alltid la kortet ligge igjen til den som overtar huset.

Du får eit nytt kort tilknytta din nye bustad.

Om den årlege kvota på kortet er oppbrukt, må den nye eigaren av bustaden enten betale for å kaste avfall eller vente på nytt år

Kva gjer eg med avfallsdunkane mine når eg flyttar?

Dunkane kan du la stå der dei står og abonnentet treng ikkje å seies opp. Abonnentet blir automatisk overført frå deg til ny eigar ved eiendomsoverdragelse.

Eg byggjer ny bustad og ønskjer å få på plass avfallsdunkar

Byggjer du ny bustad må du som huseigar ringe eller sende oss e-post og bestille avfallsdunker.

Hastar det med å få dunker på plass så gi oss beskjed snarast. Dunkane vil bli utplassert hos deg innan 14 dager, og så fort vi kan.

Huset skal stå tomt framover og eg treng ikkje avfallsdunkar

Regelen er slik at dersom du veit at bustaden blir ståande tom i minst 6 månadar framover i tid så kan du søkje om fritak for renovasjon. Dette er særlig aktuelt dersom huset/leiligheita skal renoverast, eller dersom ingen skal bu i huset i dei nærmeste 6 månadane. 

Eg ønskjer eit anna abonnement enn førre huseigar

Når du flytter overtar du førre huseigar sit abonnement. Dette kan du endre på min side

Info
Fann du det du lurte på?

Har du spørsmål eller treng hjelp kan du kontakte vårt kundesenter.

Kontakt oss