Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Ekstrautstyr

Ekstrautstyr

Søppelmengda er ikkje lik gjennom året. Nokre gangar fyller avfallsbeholdar seg opp lenge før neste henting. Det fins råd.

Dersom du har behov for å bli kvitt ekstra avfall kan du kjøpe ein ekstrasekk. Sekken er orange, og kan brukast i alle ÅRIM-kommunane. 

  • Plasser sekken ved restavfallsdunken på hentedag
  • Pass på at sekken er godt samanknytt, slik at avfall ikkje ramlar ut

​Pris for ekstrasekk

Når du kjøper ein ekstrasekk, vil kostnaden for denne kome på di neste rekning for renovasjon. På kontoret og alle miljøstasjonar bortsett frå Øveråslia, kan du også betale med kort.

  • Pris per sekk er kr 62,50,- inkl. mva.

Kjøp sekk hos ÅRIM på MOA

Normal opningstid er 09.00-14.00. Når kontoret er stengt, kan du sende bestilling til post@arim.no. Sekken kan hentast på kontoret vårt.

Om du vil hente utanfor opningstider, kan vi leggje sekkane du kjøper på avtalt stad. Avtalt stad kan vere på Moa, på miljøstasjonane våre, eller hos dei fleste innbyggjartorga i kommunane.

Treng du nye plastsekkar?

Når du er tom for plastsekkar kan du knyte ein berepose på ein av dunkane dine. Dette er ein beskjed til renovatør om at du treng nye sekkar. Da får du utdelt sekkar neste gong avfall blir tømt hos deg.

Hugs og å ta posen av når du har motteke sekkar.

La posen henge til neste gong dersom renovatør ikkje har lagt att rull med sekkar. På nokre ruter er det mange som har behov for posar, og renovatørane går tom på vegen.