Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Farleg avfall Farleg avfall

Standardkvote: 1000kg

Krav til levering

Farleg avfall har eiga kvote. Du må levere reine lass med farleg avfall for å levere på denne kvota. Køyrer du blanda lass må du innom vekta i fleire runder så det blir registrert på riktig kvote.

Alle husstandar kan levere farleg avfall gratis til ein bemanna miljøstasjon.

Dette er farleg avfall

Farleg avfall er avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff, som reingjøringsmidlar, måling, lakk og lim, sprayboksar, lysstoffrøyr/sparepærer, løysemidlar, bilpleieprodukt og plantevernmidlar. Farleg avfall skal handterast slik at miljøgifter ikkje lekk ut i naturen og skader menneske, dyr og miljø.

Slik gjer du det

Lever avfallet i original emballasje hvis mogleg – eller bruk anna tett emballasje og merk med innhald.

  1. Ha ein fast plass der du samlar farleg avfall.
  2. Lever det farlege avfallet på din nærmaste miljøstasjon.
    Husk: Lysstoffrøyr og sparepærer kan du levere gratis til i butikker som sel slike.
Farleg avfall
Ha ein fast plass for det farlege avfallet ditt.

Ja takk!

  • Måling, lim og lakk
  • Lyspærer
  • Syrer og basar
  • Løysemidlar
  • Lystoffrør og sparepærer
  • Bransløkkingsapparat
  • Kjemikaliar
  • Alle typar batteri
  • Gassflasker, primusar
  • Reingjeringsmidlar som klorin, salmiakk og kraftvask
  • Plantevernmidlar, sprøytemidlar og gjødsel
  • PCB, i for eksempel isolerglassruter frå 1965-80
  • Spraybokser
  • Olje
  • Neglelakkfjernar
  • Bilbatteri
  • Steikeomnsrens
  • Sølvpuss
  • Bilpleiemidlar
  • Gradestokkar og kvikksølvtermometer

Restar av medisinar leverer du til apoteket eller gjenvinningsstasjonen.

Nei takk!

  • Aske
  • Diskettar
  • Steikepanne
  • Eingongsgrillar
  • Blåpapir
  • Dekk
  • Penslar
  • Vindauger som ikkje blit kategorisert som farleg avfall

Sjå meir om

Kva betyr faresymbola?

Tom emballasje leverer du som farleg avfall dersom det er merka med eit eller fleire faremerker. Her finn du ein oversikt over faremerkene.

Farleg bygningsavfall

Døme på farleg bygningsavfall er impregnert trevirke, asbest og golvbelegg med ftalatar.

Dei tilsette på miljøstasjonane vil fortelje deg kva som er farleg bygningsavfall.

Impregnert trevirke

Impregnert trevirke inneheldt tidlegare kjemikaliar som kreosot, eller salt av tungmetall for at trevirket ikkje skulle rotne.

 

Miljøgiftene går etter kvart ut i omgivelsane, så unngå impregnert trevirke i grønnsaksbedet eller der du oppbevarer mat.

Sluttbehandling av tungmetallhaldig avfall

I Noreg skjer sluttbehandling av, for eksempel tungmetallhaldig avfall, syrer og basar ved deponering.

 

Sluttbehandling av måling, lim, lakk og olje skjer ved at avfallet først blir forbehandla og deretter går til forbrenning i Norcem sin sementomn i Breivik i Telemark.

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Hugs miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir

Viktig!

Produkt som er går under farleg avfall inneheld miljø-og helseskadelege stoff. Unngå difor at stoffa havnar på avvege:

 

  • Lever inn til mottak for farleg avfall, som næraste gjenvinningsstasjon. Lever helst farlig avfall i originalemballasjen.
  • Ikkje kast i restavfallet, i naturen eller i toalettet/vasken

Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjanser: levér det uansett som farleg avfall.

Visste du at..

Farleg avfall inneheld stoff som kan skade menneske dyr og natur – sjølv i små mengder. 

 

Kvart år oppstår det nesten 1,1 million tonn farleg avfall i Noreg. Store delar av dette veit ein ikkje kvar havnar.

Er du ein aktør med deklarasjonsplikt?

Om di virksemd har meir enn ein kilo farleg avfall årleg er du forplikta til å levere dette minst ein gong per år til eit lovleg mottak for farleg avfall. 

Les meir om deklarering av farleg avfall her.