Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Emballasje av glas Emballasje av glas

Standardkvote: Standardbeholdar på 140 liter. Større mengder går som blanda avfall på miljøstasjonen.

Krav til levering

Lever glas- og metallemballasje i dunk med oransje lokk. Emballasjen skal ikkje ligge i pose, og det er berre emballasje som skal i dunken. Andre gjenstandar av glas eller metall leverer du til miljøstasjonen.

Dette er glasemballasje:

Glasemballasje er emballasje av glas det har vært mat, drikke eller andre hushaldningsvarer i då du kjøpte dei. Produkt av glas, som kopper og drikkeglas, skal du ikkje sortere saman med glasemballasjen.

Slik gjer du det:

Emballasjen skal vere tom når du sorterer den.

  1. Skyl og rist så du får ut alle restar.
  2. Rist den drypptørr.
  3. Sorter.
100107_syltetøy_v5.00_00_07_24.Still013.jpg
Skyl og rist så du får ut alle restar.

Ja takk!

  • Glasflasker
  • Syltetøyglas
  • Parfymeflaske
  • Barnematglas
  • Vinflasker

Nei takk!

  • Glas og metall som ikke er emballasje
  • Porselen, keramikk og krystall
  • Drikkeglas og tallerkener
  • Ildfaste former
  • Speil og vindusglas

Vanlege spørsmål

Kva gjer eg med svært skiten glasemballasje?

Er det mykje matrestar kan det vere greitt å skru på lokket og riste før du tømmer det for innhald. Det viktigste er å få bort matrestane, men eit fettlag i glaset går greit.

Kva gjer eg med produkt av glas?

Produkt av glas, til dømes drikkeglas, koppar, spegl, ildfaste former eller glas i rammer skal du ikkje sortere saman med glasemballasjen.

Det er fordi desse produkta kan ha ein annan samansetning enn glasemballasjen og dermed øydelegge for gjenvinningsprosessen.

Pakk desse godt inn og kast dei i restavfallet, eller lever dei til gjenvinningsstasjonen om det er store glasgjenstander.

Kva gjer eg med etiketten på glasemballasjen?

Etiketten kan bli sittande på glasemballasjen når du sorterer den.

Glasemballasjen blir tørrvaska gjennom ein varmluftsprosess når dei kjem inn på gjenvinningsanlegget. Dette gjer at limet losnar og etikettene fell av.

Kva med lokket på glasemballasjen?

Etter at du har skylt glasemballasjen treng du ikkje å skru lokket på igjen. Det er lettare å skilje metall og glas frå kvarandre på gjenvinningsanlegget når glasemballasjen ikkje har lokket skrudd på.

Kva blir det til?

Emballasje av glas og metall blir frakta til Sirkel i Fredrikstad. Der ligg Europas mest moderne gjenvinningsanlegg for glas- og metallemballasje. Glaset blir til nytt glass eller til isolasjonsmateriale, metallet blir levert smelteverk.

Alle norske produsenter pliktar å vere medlem av eit godkjent retursystem for emballasjen dei set på marknaden. Sirkel Glass AS er eit slik godkjent retursystem for glasemballasje.

Les meir som Sirkel her.

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir