Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Hageavfall Hageavfall

Standardkvote: Fri kvote

Krav til levering

Det er gratis å levere hageavfall til miljøstasjonen.

Dette er hageavfall

Hageavfall er alt biologisk nedbrytbart avfall som oppstår i og rundt hagen. Dette kan til dømes vere gras/ugras, løv, hageplantar, greiner og kvist.

Slik gjer du det

Vanlege plantar som ikkje er ein trussel i hagen, kan være til skade om dei kjem på avveie. Dei kan skade det biologiske mangfaldet. Det er difor forbudt å dumpe hageavfall i naturen.

  1. Hageavfall leverer du til næraste miljøstasjon.
  2. Om du har tilgang til ei kompostkvern kan denne nyttast før levering slik at du får plass til meir når du skal levere.
Hageavfall
Hageavfall skal ikkje kastast i naturen, men leverast gratis på miljøstasjonen.

Ja takk!

  • Gras
  • Ugras
  • Lauv
  • Hageplanter
  • Kvister
  • Greiner
  • Stammer 
  • Røter

Nei takk!

  • Svartelista planter
  • Nedfallsfrukt
  • Stein
  • Jord

Kva gjer du med:

Nedfallsfrukt?

Nedfallsfrukt kan ein sortera i matavfallet når du plukkar desse opp.

Nedfallsfrukt som blir liggjande kan tiltrekke seg skadedyr både heime og om det hamnar på gjenvinningsstasjonen saman med hageavfallet.

Framande arter (svartelista plantar)?

Framande arter kan ein levere til forbrenning på gjenvinningsstasjonen. Desse skal ein ikkje levere blanda saman med anna hageavfall. Pakk desse plantane godt inn i tette og gjennomsiktige plastsekkar før levering slik at du unngår at frø frå plantane spres. Sjå oversikt over framande arter.

Framande artar utgjer ein trussel for det biologiske mangfoldet og dei plantane som naturlig er i norsk natur. Det er difor, i følgje Forurensningsloven, forbudt å dumpe hageavfall i naturen.

Hageavfall som er dumpa i naturen?

Dersom du ser at hageavfall blir dumpa eller har blitt dumpa i naturen, kan du melde frå om dette til kommunen. Dersom det blir eit gjentakande problem i eit område kan du oppfordre kommunen til å setje opp skilt med opplysning om at det ikkje er lov til å kaste hageavfall på staden.

Kva blir det til

Hageavfallet blir kverna opp ved hjelp av fliskuttar, og nyttast i kompost for å lage ny jord. Hageavfall blir kompostert og omdannet til ny jord, eller til miljøvennlig drivstoff.

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Hugs miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir
Svartelistede-planter

Kva er framande artar?

Artsdatabanken viser kva slags økologisk risiko framende artar kan utgjere for naturmangfaldet i Norge.

Søk på enkeltartar