Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Hytte og fritidsrenovasjon

Hytte og fritidsrenovasjon

Kommunen er lovpålagt å samle inn husholdningsavfall fra alle eigendommar, dette gjeld både bustadar og hytter. Alle som eig hytte skal ha tilbod om renovasjonsordning og må betale eit årleg renovasjonsgebyr for å dekke kommunens kostnadar. 

Kjeldesortering på hytta

Alle kan sortere papir, glas- og metallemballasje og restavfall på hytta. 

Ordning for å sortere alle avfallstypar på hytte er innført på Fjellsætra i Sykkylven kommune. Der kan ein dermed også sortere matavfall og plastemballasje. 

Fritak frå renovasjonsgebyr

Du kan kun søke om fritak dersom du har ei hytte som er kondemnabel. Fritak gis for maksimalt tre år av gongen. 

Vanlege spørsmål

Kvifor innfører kommunen fritidsrenovasjon?

Kommunen er pliktig til å tilby tilfredsstillande tilbod om renovasjon til alle hushald. Avfall frå hytte blir rekna som hushaldsavfall. Utgangspunktet er at eigedommen bidrar til å gi rom for kvile og moglegheit for matstell. Dette er gitt av Miljødirektoratet og gjeld i heile landet.

ÅRIM har ansvaret for renovasjon i kommunane som eig selskapet, og utfører tilbodet på vegner av den enkelte kommune. Selskapet har snart innført hytterenovasjon i alle eigarkommunane.

Målet med å gi tilbod om hytterenovasjon, er å unngå forureining, avfall i naturen og bålbrenning. Hytterenovasjon gir eit tilbod som gjer det lett å kvitte seg med avfallet på ein trygg måte. 

Kven må betale hytterenovasjon?

Alle som har bygning registrert som hytte/fritidsbustad får krav om å betale hytterenovasjon. Kommunen har fritatt enkelte områder frå å betale renovasjon.

Kva område dette er, kjem fram i kart i den enkelte kommune si renovasjonsforskrift.

Eg er nesten aldri på hytta, kvifor må eg betale like mykje som naboen?

ÅRIM veit at du har hytte, men har ingen kunnskap om korleis, eller kor ofte du bruker ho. Vi forstår at folk opplever det som urettferdig at folk med små hytter betaler like mykje renovasjon som dei med store hytte.

Hytterenovasjon er som ei spleiseordning for dei som har hytter, der alle betalar likt. Vi har lagt vekt på å lage eit så rasjonelt og enkelt tilbod som mogleg.

Hyttepunkta har ikkje optimal plassering

Hyttepunkta er i stor grad plassert i nærleiken av større hyttefelt, eller langs vegen der folk køyrer heim frå hytta. For å få lov til å plassere ut konteinarar for avfall, må ÅRIM ha avtale med grunneigar. Det får vi ikkje alle stader.  Ordninga er også under utrulling, det vil seie at vi arbeider for å tilpasse og betre ordninga. Samtidig må vi passe på å ikkje fordyre ordninga. Her er det viktig med konstruktive tilbakemeldingar og forslag frå hytteeigarar.

Er hytterenovasjon eit tiltak for at kommunen skal tene pengar?

Tenestene ÅRIM er ansvarlege for er sjølvkosttenester. Det vil seie at vi tek betalt for det tenesta kostar, ikkje meir, ikkje mindre. Det er ingen som tener på dette, verken ÅRIM eller kommunen. Hytterenovasjonen påverkar heller ikkje andre delar av kommunen sin økonomi.

Kan eg søke om fritak?

Renovasjonsforskrifta gir enkelte eigarar høve til å søke om fritak. Dei som kan dokumentere at hytta står til nedfalls, kan rekne med å få fritak.

Sjeldan bruk av hytta eller liten produksjon av avfall, storleik på hytta, avstand til hyttepunkt gir ikkje grunnlag for fritak.

Dei som meiner dei har grunn til å få fritak frå hytterenovasjon vil få klagen behandla hos ÅRIM. Dersom ÅRIM er i tvil om søknaden gir rett til fritak, eller søkar klager på vedtaket, blir klagen sendt til eit eige klageutval som behandlar klagen.

Info
Fann du ikkje det du leita etter?

Om du har leita utan å finne svar på det du lurte på er du velkomen til å kontakte oss.

Kontakt oss

Plassering av hyttepunkt

  • Du finn plassering av hyttepunkta her. 

  • Vel kommuna du vil levere hytteavfall i.
  • Sjå punkta H på kartet. ​Punktet viser plassering av hyttepunkt (returpunkt)
  • Det er berre dei som betaler for hytterenovasjon som kan levere til desse hyttepunkta.