Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Isopor (EPS) Isopor (EPS)

Standardkvote: 600kg

Krav til levering

Større mengder isopor må leverast til gjenvinningsstasjonen. Mindre mengder frå hushaldning kan sorterast som restavfall. 

Dette er isopor (EPS):

EPS, ofte kalla for isopor, er eit lett plastmateriale som vert brukt i mange former for emballasje og kassar. Typiske isoporemballasjar er transportkassar, fiskekassar og emballasje rundt varer. Isopor ® og Styrofoam er to ulike produsentar av denne typen emballasje.

Slik gjer du det:

EPS skal ein ikkje sortera saman med plastemballasjen. Den er statisk, klistrar seg fast og lar seg difor ikkje sorterast ut på gjenvinningsanlegga.

  1. Om du er usikker på om det er EPS kan du prøve å bøye eller vri på materialet. Om det er EPS så knekk den.
  2. Små mengdar EPS som får plass i ein søppelpose kan ein kasta i restavfallet. Større mengdar leverer du til næraste gjenvinningsstasjon.
isopor.png
Isopor gjenvinner du som eigen avfallstype.

Kva gjer du med..

Farga isopor/ isolasjon?

Farga isopor blir ofte brukt som isolasjonsmateriale og skal leverast som farleg avfall.

Kva blir det til

Gjennom enten mekanisk eller kjemisk resirkulering kan materialet vert brukt i andre plastprodukt som hagemøblar, plomsterpotter, isolasjonsmateriale, o.l.

Om materialet gjenvinnast kjemisk gjennom pyrolyse blir plasten utsett for høg varme slik at den blir spalta tilbake til olje eller gass, slik at den kan bli råstoff for nye plastprodukt - deriblant EPS.

Plastprodukt laga av pyrolyseoljen frå kjemisk resirkulering har nøyaktig dei same eigenskapane som jomfrueleg plast. Med dette vil dei mellom anna kunne få matvaregodkjenning og dermed få nok eit liv som fiskekasse.

 

 

shortcut_card

Hugs miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Eller kanskje treng du nytt kort?

Les Meir

Visste du at..

  • Brukt EPS er 100% resirkulerbar?
     
  • Emballasje av EPS består av 98% luft?
     
  • EPS er 100% reint og at produksjonnen i seg sjølv er ein desinfiserande prosess?
     
  • EPS er det materialet som gjev minst miljøpåverknad i bygg?
     
  • Ferdige EPS-produkt ikkje inneheld nokon skadelege stoff?