Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Kompostabonnement

Kompostabonnement

Heimekompostering kan være eit godt tiltak for å redusere behovet for restavfallstømmingar og lage god jord til hagen. 

Kompostering er ein god måte å handtere hage- og husholdningsavfall på. Det skapar eit kretsløpsystem der organisk avfall blir brutt ned på ein økologisk måte.

For å bestille strø til til kompost må du ha eit kompostabonnement. 
Ta kontakt om du ønskjer å opprette eit kompostabonnement.

Du kan bestille komposteringsstrø til både bokashi og varmkompostering. Fordi komposteringsstrø er ferskvare, er det ei maksimumsgrense for kor mykje strø du kan bestille i løpet av eit kalenderår.

  • For varmkompostering kan du gjere ei bestilling (á to 50-kilossekkar) to gongar i året (totalt fire sekkar i året).
  • For bokashi kan du gjere ei bestilling (á to 2-kilossekkar) i året.

Kompostabonnement = redusert abonnement

Merk at eit kompostabonnement er eit redusert abonnement. Det vil seie at restavfallet ditt blir henta kvar fjerde veke. Dunken for matavfall hentar vi inn, men ellers har du same renovasjonstilbod.

All erfaring viser at dei som ønskjer kompostabonnement er så gode på kjeldesortering at eit redusert abonnement er nok. Dette dannar bakgrunnen for denne praksisen. Miljønytta du bidreg til med kompostering blir altså supplert av lågare hentefrekvens på det som du sit igjen med av restavfall.

Skeptisk til om dette kan gå? Prøv og sjå. Du kan fort bli positivt overraska. 

Logg inn på di side for å bestille kompoststrø.

Nysgjerrig på bokashi?

Bokashi er ein godkjent komposteringsmetode som eignar seg til bruk i leilegheiter.

Les Meir
Heimekompostering.PNG

Handbok i heimekompostering

Last ned her.