Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Matavfall Matavfall

Standardkvote: 140 liter blir henta annakvar veke

Krav til levering

Matavfallet blir samla i grøne poser og lagt i eigen behaldar med grønt lokk. Om du manglar grøne posar kan du bruke vanlege bereposar av plast eller papir.

Treng du fleire grøne posar for oppsamling av matavfall, kan du knytte ein grøn pose på dunken din. Då legg renovatøren igjen ein ny rull til deg.

Dette er matavfall:

Matavfall er avfall som er organisk nedbrytbart. Dette kan vere skrell, skrottar, grut, eggeskal, bein, nøtteskal og rekeskal.

Slik gjer du det:

  1. Bruk sansane – lukt og smak på maten før du eventuelt kastar den. Hvis ei matvare har gått ut på dato med "best før"-stempel, betyr det ikkje nødvendigvis at den er dårleg.

  2. Sorter (og hugs å sortere emballasjen for seg).

Matavfall
La matavfallet gjøre nytte for seg

Ja takk!

  • Skrell
  • Skrotter
  • Fruktsteinar
  • Kaffegrut
  • Eggeskal
  • Tørkepapir
  • Serviettar
  • Nøtteskal
  • Rekeskal
  • Teposar
  • Små kjøttbein
  • Fiskebein
  • Matrestar
  • Grønsaker
  • Frukt
  • Bakervarer
  • Brød
  • Kaker
  • Ris og pasta
  • Fisk og skaldyr
  • Fett og matolje

Nei takk!

  • Mat med emballasje
  • Komposterbare plastposar
  • Komposterbar eingongsemballasje
  • Komposterbart servise
  • Hundepose
  • Store kjøttbein
  • Avskårne blomster
  • Potteplante
  • Krydderplante
  • Kvister
  • Lauv
  • Jord
  • Snus
  • Sigarettstump
  • Bomull
  • Tyggegummi
  • Bleier

Vanlege spørsmål

Matrestar?

Det fins mange gode tips og oppskrifter slik matrestar vert spist opp og ein unngår matsvinn. I Bruk-opp-leksikonet til Matvett finn du oppskrifter til einkvar matrest. Å kaste mindre mat er ikkje berre bra for miljøet, det er også bra for lommeboka.

Mat og drikke gått ut på dato?

Hvis ei matvare har gått ut på dato med «best før»-stempel, betyr det ikkje nødvendigvis at den er dårlig. Bruk sansane og sjå, lukt og smak på maten før du eventuelt kastar den. På den måten sparar du både miljøet og lommeboka.

Er matvaren merka «siste forbruksdag» så skal du ikkje spise den etter denne datoen.

Forderva mat i emballasje?

Ta av emballasjen før du sorterer maten i matavfallet.

Dersom maten er så forderva at du ikkje ønsker å ta av emballasjen, skal du sortere alt i restavfallet. Det er kun det organisk nedbrytbare som skal i matavfallet og som er mulig å gjenvinne vidare.

Komposterbare tallerkenar, bestikk og tannbørster?

Komposterbare produkter er rekna på heimekompostering, og skal ikkje kastast i matavfallet. Grunnen til dette er at denne typen produkt får ein gummiaktig konsistens når dei blir varma opp i gjenvinningsanlegget, noko som gjer at dei ikkje kan gjenvinnast til biogass og biogjøsel.

Kva blir det til?

Matavfall fra ÅRIM blir til biogass og biogjødsel. 

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir