Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Emballasje av metall Emballasje av metall

Standardkvote: Standardbeholdar på 140 liter. Større mengder går som blanda avfall på miljøstasjonen.

Krav til levering

Lever glas- og metallemballasje i dunk med oransje lokk. Emballasjen skal ikkje ligge i pose, og det er berre emballasje som skal i dunken. Andre gjenstandar av glas eller metall leverer du til miljøstasjonen.

Dette er metallemballasje:

Metallemballasje er all emballasje i metall, unntatt drikkeboksar med pant. Typiske eksempler på metallemballasje er hermetikkboksar, aluminiumsformer og påleggstubar. Produkt av metall, som gryter, vaffeljern og tørkestativ, skal du ikkje sortere med metallemballasjen.

Slik gjer du det:

Emballasjen skal vere tom når du sorterer den.

  1. Hell ut restar og skylj metallemballasjen i kaldt vatn.
  2. Er det vanskeleg å få ut restane? La emballasjen stå i kaldt vatn eller vatn frå oppvasken og la det løyse seg opp først.
  3. Rist emballasja drypptør.
  4. Sorter.
Tøm og skylj metallemballasjen, rist drypptørr og sorter.
Tøm og skylj metallemballasjen, rist drypptørr og sorter.

Ja takk!

  • Hermetikkbokser
  • Påleggstube i metall
  • Telyshaldar i metall
  • Syltetøylokk
  • Aluminiumsbeger
  • Aluminiumsfolie
  • Makrell i tomat-boks
  • Leverposteiboks
  • Fakkelboks
  • Dyremat i form
  • Matoljekanne
  • Drikkeboks utan pant

Nei takk!

  • Tilgrisa emballasje
  • Drikkeboks med pant
  • Spiker og skruer
  • Småbatteri
  • Knivar
  • Gryter og panner
  • Lyspære, sparepære og lysrøyr
  • Gardinstang
  • Vaffeljern
  • Tørkestativ
  • Sprayboks med drivgass og tom sprayboks
  • Pillebrett
  • Målingsboks i metall med restar

Vanlege spørsmål

Kva gjer eg med aluminiumsfolie og aluminiumsformar?

Aluminiumsformar og folie blir ofte brukt til å lage og pakke inn mat heime. Men har du tenkt over at du kan bruke dei fleire gongar? Mange bruker for eksempel aluminumsfolie til tacolefsene, og desse kan ein fint bruke om og om igjen.

Det fins også andre alternativ som tar like godt vare på maten i dei aller fleste situasjonar. Eingongsprodukter av aluminium kan bli erstatta av til dømes:

  • Fleirgangsbokser i plast
  • Matbokser du har liggjande
  • Ildfaste former
  • Tomme syltetøyglass, pestoglass eller liknande
  • Tomme drikkekartongar, som til supperestar eller andre flytande matrestar.

Kva gjer eg med svært skitten metallemballasje?

Eit tips er å la emballasjen stå litt i vatn slik at innhaldet løyser seg opp, eller bruke litt tørkepapir for å få ut restane.

Er metallemballasjen veldig skitten og krever svært mykje vatn for å bli tom, er det bedre å kaste den i restavfallet. Svært skitten metallemballasje gjer dårlige arbeidsforhold for dei som jobber med gjenvinninga og kan i tillegg øydelegge for gjenvinninga av den andre metallemballasjen.

Kva gjer eg med påleggstuber som ikkjer er heilt tomme?

Etiketten kan bli sittande på glasemballasjen når du sorterer den.

Tuben er tom nok når du har klemt ut alt du kan av innhaldet. Eit triks er å dra tuben langs bordkanten, eller å bruke ein kniv for å presse ut restane av innhaldet. Korken sorterer ein som plastemballasje.

Kva med produkt av metall?

Produkt av metall, som gryter og panner, skal du ikkje sortere saman med metallemballasjen.

Er produktet fortsatt brukbart? Gje det bort eller sel det. Er det øydelagt? Lever til ein miljøstasjon.

Kva med skarpe gjenstandar i metall?

Dersom det kjem inn skarpe gjenstandar, som kniver, spiker og skruer av metall, saman med metallemballasjen, kan dette øydelegge deler av gjenvinningsanlegget (eks: kutte opp sorteringsband, hengje seg fast i maskinene).

Slike gjenstandar leverar du til miljøstasjonen.

Etikettar på metallemballasje?

Etiketten kan ein la sitje på metallemballasjen når ein sorterer den.

Metallemballasjen blir tørrvaska gjennom ein varmluftsprosess når dei kjem inn på gjenvinningsanlegget. Dette gjer at limet losnar og etikettene fell av.

Spraybokser i metall?

Spraybokser i metall leverer du du som farleg avtfall.

Kva blir det til?

Metall er blant dei materiala som er enklast å gjenvinne. Svært mye av det metallet som er i omløyp i nye produkt, har vært smelta om fleire gongar. Innsamla metallemballasje sorterast og blir selt til smelteverk som produserar nye metallgjenstandar som spiker, skruer, binders, hageredskap, emballasje, bilfelgar og sykkeldelar.

Glas og metall blir frakta til Fredrikstad. Der ligg Europas mest moderne gjenvinningsanlegg for glas- og metallemballasje. Glaset blir til nytt glass eller til isolasjonsmateriale, metallet blir levert smelteverk.

 

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir

OBS!

Emballasje som har inneholdt farlege stoff skal du ikkje sortere som metallemballasje. Desse leverar du på nærmaste gjenvinningsstasjon.