Kva kan du levere?
Du kan levere nesten alle typar avfall til ein bemanna miljøstasjon. Alle som betaler renovasjonsgebyr til ÅRIM har miljøstasjonkort. Med kortet har du ei gitt mengd avfall du kan levere utan å betale.
OBS: Bruk av kvote for farleg avfall, ee-avfall og hageavfall forutset at du leverer reine lass. Blanda lass går som grovavfall.
Vanlege spørsmål om kort
Manglar kort?
Dersom du manglar kort, kan du bestille eit nytt hos oss mot eit gebyr på 250,-. Du kan bestille nytt kort ved å ta kontakt her.
Virkar ikkje kortet?
Korta har ikkje utløpsdato, så om eit kort ikkje virker kan det skuldes at eit nytt har blitt utstedt. Då blir det gamle deaktivert.
Har du ikkje fått kort?
Dersom du nylig har kjøpt brukt bolig, ver oppmerksom på at tidlegare eigar skal legge igjen kortet på eiendommen. Kortet tilhøyrer det gårds- og bruksnummeret det er utstedt på og skal derfor ikkje tas med vidare ved sal av bolig.
Brukt opp kvota på kortet?
Då betalar du gebyr for det du leverer. Sjå prisar her.
Renovasjonsgebyr og prisar
Renovasjonsgebyret blir fakturert etter det som blir kalt sjølvkost. Dette betyr at du betalar for det renovasjonen kostar, ikkje meir - og ikkje mindre.
Sjå prisar
Gratis årlige kvote
Gebyrlagt årleg kvote
Blanda avfall
Bruk gjennomsiktige plastsekkar om du leverer avfallet i sekk. Blanda lass går som grovavfall, så hugs å sortere før du reiser heimefrå så du ikkje brukar om unødig mykje av kvota di.
Farleg avfall
Farleg avfall har eiga kvote. Du må levere reine lass med farleg avfall for å levere på denne kvota. Køyrer du blanda lass må du innom vekta i fleire runder så det blir registrert på riktig kvote.
Alle husstandar kan levere farleg avfall gratis til ein bemanna miljøstasjon.