Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Næringsrenovasjon

Næringsrenovasjon

ÅRIM tilbyr renovasjon for private og offentlege næringsaktørar i Ålesund, Giske, Sula, Vestnes, Stranda og Fjord.

Vi tilbyr henting og behandling av restavfall, papp/papiremballasje, plastemballasje, glass/metallemballasje og matavfall. Avfallet blir henta på ordinær renovasjonsrute. 

Pris for næringsrenovasjon er blant anna basert på storleikar på behaldar.

Vi anbefalar å vurdere type behaldar ut frå:

  • Mengd avfall de trur de vil levera
  • Eventuelle moglegheiter for plassering av behaldar.
Storleika på bahaldarar.PNG

 

Dette må du ta omsyn til ved utplassering av avfallsbehaldarar:

Brannsikkerheit

Iht. forskrift om brannførebygging §2-1, første ledd, skal eigar av eitkvart brannobjekt, sørgje for at bygget er utstyrt og haldt ved like i samsvar med gjeldande lover og forskrifter om førebyggjing av brann.

Med brannobjekt meiner ein einkvar bygning, konstruksjon, anlegg, opplag, tunnel, verksemd, område m.m., der brann kan oppstå og true liv, helse, miljø eller materielle verdiar.

Ovannemnde regelverk inneber at det er eigaren av eit brannobjekt, offentleg eller privat, som har ansvaret for å sikre objektet mot brann.

For å unngå brann set forsikringsselskapa krav i forsikringsavtala til plassering av avfallsbehaldarane.

Ofte ligg kravet på minst 5 meter frå yttervegg, men kravet kan variere noko.

Ved utplassering av tre stk 600 liters behaldarar, samla, er brannvesenet si tilråding ein minsteavstand på 6 meter frå yttervegg. Ved utplassering av fleire enn tre stk 600 liters behaldarar eller større, er tilrådinga 8 meter. 8 meter er også tilrådinga ved etablering av avfallsbuer.

Dersom avfallet oppbevarast i brannsikre behaldarar kan behaldarane plasserast nærare. Vi oppfordrar til at verksemda di sjekkar krava i gjeldande forsikringsavtale for det bygget som avfallsbahaldarane skal plasserast i nærleikan av.

Dersom ein får problem med å ivareta minsteavstanden som krevjast i forsikringsavtalen, kan ÅRIM tilby brannsikre behaldarar. Sjå svarskjema for næringsrenovasjon.

Ulemper med lukt

Tiltak for å redusera ulemper med lukt er å ikkje plassera behaldarar som innheld organisk avfall i nærleiken av bustader, private eller offentlege hagar/uteplassar eller i nærleiken av vindauger som kan nyttast til lufting og/eller luftinntak for ventilasjonsanlegg. Ein bør også forsøkje å plassere behaldarane så skuggefullt som mogeleg.

Estetisk inntrykk

Tiltak for å gje avfallsbehaldarane eit best mogelg estetisk inntrykk må vurderast opp mot nærmiljøet dei er plasserte i. Ein bør leggje større ressursar i estetiske tiltak dersom behaldarane plasserast i nærleiken av eit inngangsparti, enn dersom dei plasserast i ein bakgård.

Estetiske tiltak for behaldarar som blir eksponert for innsyn kan være i byggje dei inn, setje opp gjerde eller beplantning rundt behaldarane.

Born si sikkerheit

Ved plassering av behaldarane bør følgjande forhold takast hand om mtp borna si sikkerheit:

  • Tilkomsten til behaldarane må vera oversynleg slik at førarar av alle køyretøy har god sikt når dei anten skal levera/henta avfall, eller anna.
  • Skråningar må sikrast med gjerde eller liknande for å sikre at ikkje behaldarar kan kan trille eller velte ut i skråninga.
  • Plassen der behaldarane står må vere så plan som mogleg for å hindra at ein kan misse kontroll over ein behaldar ved forflytning av denne.

Eksponering for vind

Ved plassering av avfallsbehaldarane er det viktig å gjere ei vurdering med tanke på eksponering for vind. Ved sterk vind vil plastbehaldarane kunne velte eller loket opne seg.  Avfall kan med dette verte teken av vinden og valde person- og materielle skader.  Tiltak mot vindeksponering vil vere å skjerma behaldarane best mogeleg, sikre loket slik at det ikkje kan blåse opp,  og forankre behaldarane inn mot eit gjerde eller liknande.

Snøbrøyting og tilkomst for renovatør

Ved plassering av behaldarane er det viktig å ta omsyn til snøbrøyting og tilkomsten for renovatøren. I denne samanhang er det anbefalt å rådføre seg med brøytemannskap og renovatør.

Farleg avfall

Verksemd der det kan oppstå farleg avfall, skal levere dette til den som etter §11-6 og §11-7 i Avfallsforskrifta kan handtere avfallet. Farleg avfall skal leverast minst ein gong pr. år.  Plikta inntrer når den totale mengda farleg avfall overstig 1 kg.

Ved nedlegging av verksemd eller driftsstans over 3 månadar vil leveringsplikta finne stad med det same.

Kommunen skal sørgje for at det eksisterer eit tilstrekkeleg tilbod for mottak av farleg avfall frå hushaldningar og verksemder med mindre mengder farleg avfall i kommunen. Plikta er begrensa til mottak av inntil 1 000 kg farleg avfall totalt pr. år pr. eigar av avfallet.

Vil du bli fakturakunde av ÅRIM?

Fyll ut skjema og send til post@arim.no eller ÅRIM, Langelandsvegen 1, 6010 Ålesund. Vi vil svare på forespurnaden innan kort tid.

Oppretting fakturakunde

Spørsmål?

Har du spørsmål angåande avfallsbehaldarar, utplassering, brannsikkerheit, pris o.l kan ÅRIM gje deg råd og rettleiing. Ta kontakt med oss på:

70 31 41 00 / post@arim.no