Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(5. juni 2019)

Les miljøbladet Hauste

Du ser renovasjonsbilen hente avfallet ditt og har sikkert levert avfall på ein av miljøstasjonane våre. ÅRIM driv også på med ein del arbeid som kanskje ikkje er så synleg for folk flest, blant anna med haldningsskapande arbeid. I den samanheng har vi tatt med oss tiåringar i fjøra for å lære om marin forsøpling og kvifor det er viktig å rydde strender. Vi har reist frå kommune til kommune saman med Sunnmøre Friluftsråd og Atlanterhavsparken, barna har vore engasjerte og det har vore svært lærerikt for alle. 

Tiårsjubileum
ÅRIM fyller ti år i 2019. Styreleiar og dagleg leiar i ÅRIM fortel om erfaringar så langt, og kva dei tenker vidare.

Mindre matsvinn
Svært mykje av avfallet vi kastar er fullt spiseleg mat. Kva kan vi gjere for å endre på dette? Familien Havre frå Bergen inspirerer, og fortel kva dei gjer for å redusere matsvinnet sitt.

  • Versågod - her er miljøbladet Hauste.

 

 På siste side finn du ein (lett) konkurranse med sykkel som premie.