Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(tysdag 21. januar 2020)

Mobil miljøstasjon - farleg avfall innsamling

Mobil miljøstasjon

I februar startar årets innsamling av miljøfarleg avfall. Vi reiser frå kommune til kommune,og samlar inn det miljøfarlege avfallet ditt.

På øyane i Haram og i Hellesylt i Stranda har vi også innsamling av andre avfallstypar på grunn av lang veg til miljøstasjonen.Der har vi innsamling av storboss/grovavfall i tillegg til miljøfarleg avfall.

Miljøfarleg avfall er avfall som kan vere til skade for dyr, menneske og miljø. Dette kan du også  alltid levere til ein bemanna miljøstasjon.

Døme på miljøfarleg avfall:

  • Måling, lim, lakk
  • Løysemidlar
  • Kjemikaliar
  • Drivstoff
  • Alle typar batteri
  • Leidningar
  • Elektriske leike
  • Interiørartiklar med elektrisitet
  • PC-ar og lep top-ar
  • Alle typar småelektronikk

Du får også informasjon i postkassa.