Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(12. mars 2020)

Slik handterer ÅRIM Korona

Renovasjon er ei samfunnskritisk oppgåve. Samfunnet er avhengig av at avfallet blir henta og sendt til gjenvinning. ÅRIM vil difor arbeide for å oppretthalde tenestetilbodet mest mogleg som normalt. Her er informasjon om kva ÅRIM gjer no, og ved ei eventuell eskalering.

Dette gjer ÅRIM for å førebyggje og begrense smitte:

  • Storboss-aksjonane på Fjørtofta, Lepsøya, Haramsøya og Hellesylt blir utsett inntil vidare.
  • Bingsa miljøstasjon (Ålesund) er stengd på laurdagar, førebels fram til påske.
  • Nøsa, Breivika (Ålesund) og Øveråslia (Vestnes) miljøstasjonar​ er stengt
  • Alle tenestereiser ut av ÅRIM-området er avlyst.
  • Selskapet avgrensar i størst mogleg grad fysisk kontakt mellom lokalitetane på Moa, Bingsa miljøstasjon og Bingsa miljøpark.

Ut over dette har miljøstasjonane ope inntil vidare. Vi arbeider for å halde miljøstasjonane våre opne, og har innført fleire smittereduserande tiltak.

For å redusere smitterisiko på miljøstasjonane ber vi publikum om å:

  • Besøke miljøstasjonen utan å vere i fysisk kontakt med andre
  • Forvente kø. For å unngå nærkontakt begrensar vi kor mange bilar som kan vere på stasjonen samtidig.  Dette kan gi kø og lengre tid på å levere.
  • Forvente redusert hjelp. Tilsette vil halde minst ein meters avstand, og vil ikkje kunne hjelpe med å tøme hengar eller bilar.
  • Unngå kontakt for å redusere smittefare. På Bingsa vil vi be kundar om å scanne miljøstasjonkortet på utsida av vekta sjølve.

Vi oppfordrar om å utsetje besøket til situasjonen med Korona har stabilisert seg.

Beredskap ved eskalering

Selskapet har også lagt ein plan for tiltak dersom situasjonen skulle eskalere. Ingen slike tiltak blir iverksett no.  Dersom vi får redusert bemanning er blant anna følgjande tiltak aktuelle.

  • Bruk av overtid og henting av avfall på andre tider enn i dag
  • Redusere henting av avfall som kan vente, i første omgang glas og metallemballasje
  • Alternative løysingar, for eksempel at innbyggjarar leverer til eigne konteinarar.

Tiltak vil bli tilpassa situasjonane. Dette kan skje på kort varsel.

Informasjonsdeling

I ein beredskapsituasjone vil responstida på telefon, e-post og kundekontakt kunne bli redusert. Ikkje alle vil få svar. Vi vil gjere vårt beste for å vere tilgjengelege, men vil måtte prioritere dei aller viktigaste oppgåvene.

  • Ved eventuelle tiltak vil ÅRIM primært informere via arim.no og Miljøselskapet ÅRIM på Facebook. Vi vil også sende pressemeldingar til avisene og kommunane vi hentar avfall i.

Så langt går den daglege drifta i selskapet stort sett som normalt.