Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(onsdag 18. mars 2020)

Takk for at du hjelper oss å gjere jobben vår!

Renovasjonstenesta er ei samfunnskritisk teneste i ein sårbar situasjon. Med hjelp frå innbyggjarane, kan ÅRIM klare å oppretthalde store delar av tenestetilbodet

 
- Ikkje dra til miljøstasjonen no. Med redusert besøk, kan vi oppretthalde eit minimumstilbod for dei som verkeleg må levere avfall. For å få dette til, må folk flest vente med å levere avfall til miljøstasjonen, seier dagleg leiar, Øystein Solevåg.

Miljøstasjonar er stengde laurdagar.
ÅRIM ser det som samfunnskritisk å ha eit tilbod for dei som av ulike grunnar må levere avfall til miljøstasjonen. Dei minste miljøstasjonane er allereie stengde. ÅRIM forsøker no å redusere kor mange som kjem for å levere. Laurdagar er vekedagen med mest besøk, denne vekedagen er Bingsa og Gjøsundneset difor stengde. Dersom miljøstasjonane må stenge heilt, kan det bli problematisk for bedrifter som produserer ein del avfall i sitt daglege arbeid.  

- Om vi kan ha stasjonar opne, må vi vurdere frå dag til dag. Vi forstår at mange ​gjer diverse​ arbeid heime i desse dagar, men folk flest må vente med å tømme garasjen.  Vi ber om å vente med å dra til miljøstasjonen, til situasjonen i samfunnet har stabilisert seg, seier Solevåg. Open miljøstasjon bidrar til at byggeselskap og anna næringsliv ikkje stoppar opp. Vi ønskjer difor berre heilt nødvendig besøk på stasjonen. Miljøstasjonsavfall skal heller ikkje i dunkane. 

No handlar riktig sortering heime også om beredskap
ÅRIM kan kome i ein situasjon med redusert bemanning og drift. Han presiserer difor at dunkane heime berre skal ha riktig type avfall.  

- Om vi skulle få ein situasjon med redusert bemanning og utsett henting, er det lettare for folk å lagre sekkar med plastemballasje  som ikkje luktar, enn restavfall. Å sortere ut plast og anna avfall er difor særleg viktig no. Med god kjeldesortering vil folk ha plass nok i dunkane. Hugs at svært mykje av avfallet er plastemballasje. 

Om alle følgjer retningslinjene går renovasjonen som normalt
- Vi er førebudd på at våre tilsette kan bli sett i karantene eller bli sjuke, akkurat som andre. I ​ein slik situasjon er vi heilt avnengige av at ​alle legg til rette hos seg, ved å sortere riktig og la dunken stå klar. Hentinga heime hos folk må gå på skinner. Vi ber difor om at vanlege retningslinjer blir følgt - dunken må stå klar klokka seks, maks fem meter frå vegen, og avfallet må vere riktig sortert. Vi hentar ikkje avfall som står ved sida av dunkane og alt avfall må vere i dunken.

Vi vil kkje ha nærkontakt med avfallet
ÅRIM har fleire smittereduserande tiltak både på miljøstasjon og i renovasjonstenesta. Eit av tiltaka er at å be folk om å ha restavfall og matavfall i godt knytte posar, og å sørge for at avfall ikkje havnar på bakken.

- Det er ei god hjelp om folk legg til rette for at renovatør ikkje treng å ta i avfallet. Pass difor på at lokket ikkje står ope, og at det ikkje ligg avfall ved sida av dunken