Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(24. mars 2020)

Ekstra avfall? Kjøp ekstrasekk for restavfall

Dersom du har behov for å bli kvitt ekstra avfall kan du kjøpe ein ekstrasekk.

  • Plasser sekken ved restavfallsdunken på hentedag
  • Pass på at sekken er godt samanknytt, slik at avfall ikkje ramlar ut
     

Sekken er orange, og kan brukast i alle ÅRIM-kommunane.
 

​Pris for ekstrasekk

Når du kjøper ein ekstrasekk, vil kostnaden for denne kome på di neste rekning for renovasjon. På kontoret og alle miljøstasjonar bortsett frå Øveråslia, kan du også betale med kort.

  • Pris per sekk er kr 62,50,- inkl mva.

Kjøp sekk hos ÅRIM på MOA

Her kan du kjøpe sekkar i opningstidene. Normal opningstid er 09.00-14.00, men er stengt no på grunn av Korona. 

Når kontoret er stengt, kan du sende bestilling til post@arim.no. Sekken kan hentast på kontoret vårt. Om du vil hente utanfor opningstider, kan vi leggje sekkane du kjøper på avtalt stad. Avtalt stad kan vere på Moa, på miljøstasjonane våre, eller hos dei fleste innbyggjartorga i kommunane.

Kjøp sekk på miljøstasjonane våre

Du kan kjøpe ekstrasekk med kort på alle miljøstasjonar bortsett frå Øveråslia i Vestnes.

Sjå opningstider.