Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(torsdag 26. mars 2020)

Velkomen til miljøstasjonen

Vi har gode smittevernstiltak på miljøstasjonane, og ønskjer deg velkomen til å levere avfall. Tiltaka kan gjere at det oppstår kø, vi oppfordrar difor om å sortere avfallet godt før du kjem. Da går det raskare å levere.

Vi oppfordrar om å:

  • Unngå å vere i fysisk kontakt med andre
  • Forvente kø. For å unngå nærkontakt begrensar vi kor mange bilar som kan vere på stasjonen samtidig. Dette kan gi kø og lengre tid på å levere.
  • Forvente redusert hjelp. Tilsette vil halde minst ein meters avstand, og vil ikkje kunne hjelpe med å tøme hengar eller bilar.
  • Unngå kontakt for å redusere smittefare.
  • På Bingsa vil vi be kundar om å scanne miljøstasjonkortet på utsida av vekta sjølve.​

Velkomen!