Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(fredag 26. juni 2020)

Sortering og sommarstemning

ÅRIM har eit enkelt råd for sommarsorteringa; Alt du tek med ut i naturen, tek du også med tilbake.

Sommaren i år blir annleis enn elles, og fleire kjem til å bruke den norske naturen. Om du er ein av dei som bruker naturen rundt deg, oppfordrar ÅRIM til å ha ein plan for kva du skal gjere med avfallet før du drar. Miljøselskapet kjem difor med nokre enkle sorteringstips.

Sorter emballasjen
Sjokoladepapir, plastflasker, metallboksar og turmat i posar på farten - avfall oppstår der folk er på tur og kosar seg med noko godt å spise.

Det beste er om du kjeldesorterer avfallet, slik at vi får laga nye produkt av materiala. Det viktigaste er likevel at avfallet ikkje havnar i naturen. Putt avfallet i ein liten pose, ta det med heim og sorter det der.

Er det ok å gøyme dopapir under ein stein?
Nei, seier ÅRIM. Mange skal gå i fjellet med små sko. At førstemann gjer frå seg bak ein busk,  kan øydeleggje turen for nokon andre. Kvar enkelt har ansvar for å halde naturen rein, men ikkje alle tenker på dei som kjem etter seg.

I sommar er det nok fleire enn normalt som skal bruke naturen, blant anna til telting og soving i hengekøyer. No blir det difor enda viktigare enn før å ha ein plan for dobesøket.

ÅRIM tipsar om å ta med ein hundepose, plukke opp etter seg, og ta alt med tilbake. Har du hund, gjeld sjølvsagt det same.  Alternativet er å grave avføring minst 20 cm ned under bakken. Bind og tampongar må du ta med.

Kva med eingongsgrillen?
Aller helst droppar du eingongsgrillen. Det finst gode berbare grillar du kan bruke fleire gonger.  Du kan også lage kaffebål av medbragt ved eller rakved frå fjøra.

Nokre stader har eiga sortering for eingongsgrillar,  ÅRIM oppfordrar til å bruke desse. Alternativt skal eingongsgrillen bli sortert som restavfall. De er det svært viktig at grillen er heilt nedkjølt, for eksempel ved å bruke vatn før du kastar grillen. Avfall kan lett ta fyr.

Dropp eingongsbestikket
Eingongsartiklar av plast blir dessverre altfor ofte mista eller gløymt, og havnar til slutt i havet.

Mykje av den marine forsøplinga kjem frå land, og mesteparten av vårt marine avfall kjem frå Noreg. Ved å unngå eingongsartiklar kan vi forhindre at plast havnar i havert. Bruk heller fleirgongsbestikk og -flasker, og ta også dette med heim.

Møter du fulle bossdunkar?
Er du ein stad der du møter overfulle bossdunkar gir ho same råd; Ta din del av ansvaret for å hindre forsøpling, og ta avfallet med tilbake.

På dagar med strålande ver kan avfallsmengder ved strender og utfartsområde eksplodere, særleg dersom folk bruker mykje eingongsutstyr og -flasker.  

Dunkar i friluftsområde blir normalt tømt etter faste renovasjonsruter, det kan difor gå nokre dagar før dunkane blir tømt. I mellomtida kan fuglar få seg eit skikkeleg herremåltid og dra avfallet ut over.

Ingen ønskjer forsøpling. Å ta ansvar for avfallet er med på å gi rammer for den gode sommarstemninga i norsk natur. 

ÅRIM  ønsker folk ein forsøplingsfri ferie, både i fjellet, i fjøra eller i hagen.