Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(fredag 21. august 2020)

No vil vi sjå alt du leverer

Bytt ut dei svarte sekkane med gjennomsiktige når du leverer avfall på miljøstasjonen. Då er du med på å redusere brannfaren, får resirkulert betre og du kan spare pengar.

 Tre selskap - gjennomsiktige sekkar

- Vi har trua på at folk forstår at ved å sortere godt, så blir det mindre brannfare på miljøstasjonen og vi får tilgang på ressursen som avfallet er, er bodskapen frå dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, ÅRIM, SSR og VØR

- No er det gjennomsiktige plastsekkar som er tingen, til det beste for både miljøet og lommeboka, er meldinga frå dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre​.

Fleire avfallsanlegg rundt omkring i landet har allereie innført forbod mot ikkje-gjennomsiktige avfallssekkar. Det skal sikre ei meir forsvarleg handtering av avfallet som blir levert på miljøstasjonane.

Ifølge Norsk Miljøkompetanse (NOMIKO) oppstår dei fleste registrerte branntilløp på gjenvinningsanlegg i usortert avfall. Sjølvtenning er den viktigaste årsaka, etterfølgt av batteri. Ved å stoppe bruken av dei svarte sekkane, håpar bransjen å minimere risikoen for at brannfarleg avfall endar opp i rest- eller grovavfallet.

Konteinar tok fyr
Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) fekk i september i fjor erfare at dårleg sortering ikkje er noko å spøkje med:

- Ein eksplosiv linerakett, slik ein bruker på båtar, hadde hamna i ein av konteinarane og tok fyr under sortering. Heldigvis reagerte tilsette kjapt, og fekk avverja det som kunne blitt ein farleg situasjon, fortel kommunikasjonsansvarleg Ina Osdal Saure i VØR.

- ÅRIM har også funne skytevåpen i ein innlevert koffert. Slikt skal sjølvsagt ikkje til miljøstasjonen, og funnet var ubehageleg for dei som plutseleg sto med dette i hendene da dei sorterte avfallet, seier Ingeborg Ukkelberg som er kommunikasjonssjef i Årim.

Gjennomsiktig gir gevinst
Renovasjonsselskapa har trua på at kundane kjem til å bli endå betre til å kjeldesortere når dei må levere avfallet i gjennomsiktige sekkar. I tillegg til å unngå brannfare, vil også lommeboka til innbyggjarane kunne nyte godt av tiltaket.

Feilsortering på miljøstasjonen fører til ekstra etterarbeid og ekstra utgifter. Det går utover spleiselaget til fellesskapet. Kastar du ting på rett plass, er du med på å sikre eit rettferdig renovasjonsgebyr.

- Å sortere avfallet før besøket på miljøstasjonen gir også fordelar for dei som leverer. Besøket går raskare, og ein kan spare pengar, spesielt på dei miljøstasjonane der ein betalar for levering av visse typar avfall. Hiv du alt usortert i ein sekk, betaler du kanskje meir enn du må, forklarer Andrea Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

Klok bruk av kloden
Svarte sekkar fører også til at unødvendig mykje går til forbrenning i staden for at materiala blir brukte om igjen. Ved å bruke transparente sekkar og vise oss alt, får vi i fellesskap sortert ut meir av det som kan gjenvinnast. Då brukar vi naturressursane smartare.

Undersøkingar selskapa har gjort viser at rundt tre firedelar av  innhaldet i svarte sekkar er avfall som burde vore resirkulert i staden for å gå til forbrenning.

Neste gong du skal handle inn avfallssekkar, vel derfor den gjennomsiktige sorten.

Gjennomsiktige sekkar er eit enkelt tiltak som tek avfallshandteringa eit viktig steg i rett retning. Slike sekkar finn ein i dei fleste butikkjeder i dag. Vi ber samtidig om at folk ikkje brukar plastsekken som er meint til innsamling av plastemballasje.

I ein overgangsperiode vil det framleis vere greitt å kome med svarte sekkar til miljøstasjonane, men då ønskjer vi at du opnar sekken og sorterer innhaldet før du kastar det. Uopna svarte plastsekkar utgjer ein risiko både for farlege situasjonar og potensielle bøter når vi sender avfallet vidare.

Takk for samarbeidet og at du viser oss alt!