Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(tysdag 25. august 2020)

Fjellsætra i Sykkylven. Kjeldesortering på hytta

Alle som har hytte- eller fritidsbustad på Fjellsætra får utstyr til kjeldesortering. Planen er at folk skal ha same avfallsordning på hytta, som når dei er heime. 

ÅRIM deler ut sorteringsutstyr  i første veka av september. Folk får utdelt korg og posar til matsortering, plastsekkar til plastsortering og ein eigen boks for miljøfarleg avfall. Den raude boksen kan takast med til miljøstasjonen når boksen er full. 

Selskapet har også fått på plass avfallsbrønnar med full sortering. Desse er fordelt over tre ulike plasseringar på Fjellsæterområdet. 

Fjellsætra er først ut. ÅRIM vil vidare planleggje framdrift for utrulling av sorteringsordning i resten av regionen. ​Kvar selskapet rullar ut vidare er ikkje detaljplanlagt enda.

 Når meir avfall blir kjeldesortert, får vi også meir til materialgjenvinning.