Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(tysdag 22. september 2020)

Ledig plass for lærling

Miljøselskapet ÅRIM har ansvar for innsamling og gjenvinning av avfall og slam i  Ålesundregionen. Selskapet legg vekt på miljøvennlig og effektiv drift, og er eigd  av kommunane Fjord, Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Vestnes og Ålesund. Vi oppfordrar kvinner til å søke.

Lærling i gjenvinningsfaget

Vi søker lærling for ein praksisperioden på to år. Ein lærling i ÅRIM får god innsikt og oppfølgjing i gjenvinningsfaget. Å jobbe med avfall og miljø er eit varierande og meiningsfullt arbeid.

Dette får du lære meir om i læretida:
• Miljønytte
• Korleis behandle avfall
• Kva som skjer med avfall som går til gjenvinning
• Transport og logistikk
• Maskinkøyring (gravemaskin og truck)
• Kundekontakt

Personlege eigenskapar: 
Du er engasjert og lærevillig. Du liker fysisk, praktisk arbeid, og å jobbe utandørs. Det kan bli studietur til andre avfallsanlegg i perioden.Oppmøtestad er i Ålesund. Ring Richard Flåte 948 37 532 ved spørsmål.

Send søknad til post@arim.no innan 15. oktober.