Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(måndag 12. oktober 2020)

Årets TV-aksjon går til WWF. Gi pengar eller rydd ei strand.

Er du ein av del som har vore med å rydde strender? Da veit du at årets TV-aksjon er viktig i kampen mot marin forsøpling.
 

Om du gir 250 kroner, vil desse pengane dekke innsamling av rundt 90 kilo plast frå familiar sitt hushaldsavfall som elles kunne havna i naturen (døme: Vietnam).

Årets innsamlingsaksjon går digitalt. Du kan gi pengar i ÅRIM si digitale bøsse, eller til andre digitale bøsser. Del gjerne bøssa vidare i sosiale medier. Alle pengar går direkte og uavkorta til årets TV-aksjon.

Rydd ei strand - kvar sekk gir kr 100,- til TV-aksjonen

Du kan også bli med på ein felles aksjon som foregår på Sunnmøre. For kvar sekk som kjem inn, vil næringslivet på Sunnmøre sponse hundre kroner til TV-aksjonen. Dette er vinn-vinn. 

Dette gjer du:

  • Rydd ei strand
  • Lever sekken i ein av konteinarane som er plassert følgjande stader:
  • Sjøholt ved Ørskog rådhus
  • Skodje ved rådhuset
  • Vatneeidet ved Vatne ungdomsskule
  • Brattvåg ved brannstasjonen
  • Søvik ved Søvik barneskule
  • Ellingsøy ved Spar Stokke
  • Spjelkavik ved svingen inn mot Lillevatnet
  • Sentrum ved Dronning Sonjas plass
  • Magerholm på ferjekaia
  • Harøya ved Rostein
  • Fjørtofta ved Davik småbåthamn
  • Haramsøy ved Rognvekaia
  • Longva på småbåthamna
  • Lepsøya, ved kara på Lausundholmen
  • Sandøya, litt uavklart kvar plasseringa er. Ta kontakt om du treng informasjon.


Om du vil rydde marint avfall andre stader følgjer du framgangsmåten som forklart her:


Takk for at du støttar ei viktig miljøsak!