I desse dagar får alle renovasjonskalender for neste år i postkassa. Kalender gjeld frå 1. desember. I kalenderen finn du informasjon om når avfall blir henta, og når miljøstasjonane våre er opne.
Vi minner også om at du kan laste ned app-en Min Renovasjon. Her får du varsel om når avfallet ditt blir henta.
Dette blir siste året vi sender ut kalender til alle. Neste år kan dei som har behov for å få tilsendt trykt versjon av kalender ta kontakt med oss for å få dette tilsendt, eventuelt printe ut direkte frå websida vår.
Kalendrane blir sendt uadressert. Kvart år opplever vi at det blir nokre feil i distribusjonen, og at enkelte ikkje får kalender eller får for feil kommune. Dersom dette gjeld deg, er det fint om du sender e-post til post@arim.no, så skal vi få sendt deg kalender for rett kommune.