ÅRIM har årlege innsamlingar av miljøfarleg avfall rundt omkring i regionen. Desse vart lagt til mars og april i 2021. På grunn av stor usikkerheit rundt utvikling av smittesituasjon, har ÅRIM valt å utsetje aksjonane til hausten.
Datoar som står i utsende kalendrar vil difor utgå. Vi kjem med nye datoar for innsamlingsaksjonar seinare.
Folk kan levere miljøfarleg avfall til miljøstasjonane. Miljøstasjonane er opne, som normalt.