Skip To The Main Content

Nyhende

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

(måndag 1. februar 2021)

Hundre tusen kroner for å sortere

Jarle Arnstein Terøy frå Søvika vann hundre tusen kroner på å brette kartongar. Eg har følt på meg at eg kom til å vinne, sa han da ÅRIM gav han nyhenda.

Kona, Eldbjørg,  trudde deriomt det var ein spøk da ho fekk vite om gevinsten. Ti tusen kroner, hadde ho spurt. Nei - høgare, hadde Jarle svart lurt. Tjue, spurte ho vidare. Nei, høgare - høgare, svarte Jarle. - Vi har vunne hundre tusen kroner i kartonglotteriet.

  • Det er første gong vi har ein som vinn hundre tusen kroner i vårt område, seier Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonssjef i ÅRIM, fornøgd. Vi har ofte gevinstar på 10 000 kroner, men å få dele ut den store sjekken var sjølvsagt stas.

Og gevinsten ville kome godt med, fortalte ekteparet da ÅRIM kom for å overrekke gevinsten, fredag den trettande mars, 2020. Ekteparet har hatt uflaks med fleire store vannlekkasjar i huset. Dei har no planar om eit større oppussingsprosjekt. Gevinsten kom på rett tidspunkt.

Eldbjørg hentar fram kartongar frå kjøkkenbenken, og fortel at sortering av kartong er noko dei gjer både heime og på arbeidsplassen hennar. Ho arbeider i Søvika barnehage, og har fleire gonger fortalt barn at ein kan vinne pengar om ein sorterer kartong, og vist bilde av folk som har vunne. No kan ho fortelje med eiga erfaring.

  • Det er ho som er flinkast til dette hos oss, fortel Jarle, men får raskt til svar av kona, at han også sorterer godt.

Bruker over 600 millionar drikkekartong i året

Kvart år blir det gjenvunne 12 000 tonn drikkekartong. Legg du desse etter kvarandre kjem du tur-retur Lindesnes-Nordkapp tjue gonger. Returkartonglotteriet har eksistert sidan 1997. Gjennom alle desse åra har folk sortert drikkekartong og deltatt i lotteriet.

  • Vi veit at lotteriet gir ekstra motivasjon til å sortere. Ein liten hemmelegheit, er at vi ofte må leite etter kartongar med telefonnummer på når vi skal sende inn til Grønt Punkt, seier Ukkelberg. Sjansen til å vinne er større enn du trur.

    Fire gonger i året trekker ÅRIM ut kartongar som dei sender til Grønt Punkt Norge. Det er dei som har ansvaret for returordninga, lotteriet og premiane.

  • Folk kan sortere alle typar drikkekartong i papirdunken. Små, store og med med ulike typar belegg på innsida. Ein kan levere enkeltvise kartongar, men om ein vil vere med på trekkinga om å vinne 100 000 kroner, må seks kartongar vere stappa ned i den sjuande kartongen som ein kubbe.

Dette gjorde Jarle. Den mangeårige sorteringa gav gevinst både for miljøet og lommeboka