Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Aktivitetskalender

Aktivitetskalender

Kjenner du på stresset med å fylle 24 kalenderluker? Fortvil ikkje. Vi gir deg ein julekalender med glade-barn (og foreldre) garanti!

Det aller beste med juletida er forventningane for det som kjem. Heldige barn kan stå opp kvar morgon og kjenne den sitrande begeistringa for det som skjuler seg bak neste kalenderluke.

I mange år tok vi for gitt at desse gavene måtte bestå av ting. Dingsar. Gløymt bort før juleribba står på bordet på den store dagen. Ganske dumt eigentleg når det er sjølve kjensla som sit igjen i kroppen etter kvart som barna veks til. Ikkje minnet om alle dingsane.

Ein av dei tilsynelatande største mangelvarene for folk flest er tid. Nettopp difor er tid saman den beste kalendergåva. Å dele opplevingar er både energigivande, meir minnerikt og betre for miljøet. Denne aktivitetskalenderen er gratis, skånsam for julestressa foreldre og vil garantert glede barna.

Sortere har laga ein julekalender som handlar om å gi bort tid og vise kjærleik, framfor å gi bort ting som blir kasta.

Slik fungerar den: 24 aktiviteter som du velgjer

Kalenderen har 24 luker der kvar luke inneheld ein aktivitet familien kan gjere saman. Lukene kan du printe ut, klippe ut og feste saman med det talet som passar. Der er også blanke luker, slik at du kan bytte ut og leggje til aktiviteter som passer familien.

Kalenderen er fleksibel. Rekkefølga bestem du sjølv –  bytt om på aktivitetane slik det passar. Hugs at det er lurt å leggje aktivitetar som krev litt meir tid til helga. Sjølv om du har valgt ei rekkefølge på aktivitetane kan du enkelt endre den undervegs. Sortere har tatt utgangspunkt i aktivitetar som er enkle å gjennomføre og som produserar minst mogleg søppel.

PS: Lappane kan gjenbrukast til neste år!

Last ned kalenderen.

adventskalender_nærbilde.jpg

 

Aktivitetane i adventskalenderen

..med gode tips til vellykka gjennomføring.

 

I DAG SKRIV VI ØNSKELISTE TIL JULENISSEN!

Denne aktiviteten er flott å ha tidlig i desember – gjerne allereie første desember som vil gi en pangstart på kalenderen! Pakk gjerne inn ein konvolutt med adressa til Julenissen: Julenissen, 1440 Drøbak.

 

I DAG SKAL VI PÅ LOMMELYKTTUR I MØRKET!

Dette blir ekstra gøy om man gjemmer unna ein liten skatt. Eit tips er noke alle kan dele, for eksempel ein sjokolade. Du kan også sette ein refleks på sjokoladen slik at den lys opp når barna finn den med lommelykta.

 

I DAG SKAL BARNA LEGGJE DEi VAKSNE!

Omvendt legging er morosamt! Barna pusser tenner på dei vaksne, fortel eventyr, syng nattasangar, snakkar strengt, osv. Her er det lov for mamma og pappa å gjere seg litt umoglege. Når dykk gjer det, vil kvelden bli enda artigare. Då vil barna gjere og sei det same som dei er vand til å høyre. Tips: Begynn legginga litt tidlegare enn normalt denne kvelden.

 

I DAG SKAL VI PÅ KINO!

Sjekk kva som er årets julefilmar for barn. Dette vil garantert sette heile familien i julestemning! (Ekstra slitne foreldre kan benytte sjansen til ein liten høneblund i mørket).

 

I DAG SKAL VI BADE!

Ta ein tur til svømmehallen. Her kan du til dømes pakke inn (bruk gjerne om ein pose/bag du allereie har) barnas badetøy, armringar, badehandkle og svømmebriller. Du kan også lage ei morosam oppleving i badekaret heime med mykje skum og badeleiker for dei litt mindre barna.

 

I DAG FÅR ………………. VELGJE MIDDAG!

Og har du fleire barn har du plutseleg fleire aktivitetar – eitt middagsvalg frå kvart barn. Dette er noko av det enkleste du kan gjere og som barn syns er ekstra stas – barna velgjer middag om morgonen og handlinga gjer du på veg heim frå jobb. Det er og rimeleg god sjans for at du på førehand veit kva barnet ditt kjem til å velgje. Då er det fritt fram for å fuske litt og handle inn i forkant.

 

I DAG SKAL VI MALE SYLTETØYGLASS!

Tomme syltetøyglass er fine å bruke til å gi bort heimelaga pepperkaker, marsipan og andre julegodteri – eller til å lage lykter av. La barna dekorere glassa, pakk dei inn og du har supre julegåver. Dei kan også brukast til å samle småting som barna har i, som perler og småfigurer. Tips: bruk akrylmaling når du malar på glas slik at det held seg. Det fins maling som er berekna på glas, noko som også kan vere fint, men det er ikke nødvendig til ting som kun skal stå til pynt.

 

I DAG SKAL VI REDDE HVALEN!

Få med barna og plukk #5forhvalen – 5 søppelting frå bakken kvar, så er dykk med på å redde både dyra og naturen! Hvis kvar femte nordmann plukkar 5 om dagen, fjernar vi 35 tonn søppel frå naturen. Kvar einaste dag! For havnar det på bakken, havnar det i havet. Å plukke søppel er det enklaste du kan gjere for å unngå forsøpling av havet. Ikkje berre er det enkelt – det føles bra å bidra!

 

I DAG FÅR DU VERE OPPE SÅ LENGE DU VIL!

Dette er kvelden vi som foreldre ikkje skal mase om legging. Tips: Denne aktiviteten passer best fredagar og lørdagar.

 

I DAG SKAL VI LAGE JULEPYNT!

Heimelaga julepynt er den fineste og man kan lage mykje fint ved hjelp av enkle middel. Legg fram farga papir, limstift, saks, fargeblyantar/penner, klistremerke og glitter. Nissar kan tryllast fram av det meste, for eksempel dorullar.

 

I DAG SKAL VI PÅ KAFÉ OG SPISE BOLLER! 

Kva er favoritten? Skulebolle, rosinbolle eller skillingsbolle? La barna velgje sin favoritt! Dette er ein fin måte å avslutte veka på både for store og små.

 

I DAG SKAL VI PYNTE JULETREET!

Kvelden før kvelden (om familen pyntar treet ein anna dag passer aktiviteten like godt)! Lag kakao, sett på julemusikk og pynt treet saman. Til kalenderen kan du eventuelt pakke inn litt julepynt eller kanskje sjølvaste julestjerna?

 

I DAG SKAL VI HA IS TIL DESSERT!

Denne er ekstra fin midt i veka når ein vanligvis ikke har dessert.

 

I DAG SKAL VI PÅ BIBLIOTEKET OG LÅNE BØKER!

Lån bøker familien kan kose seg med saman – gjerne julebøker som passar i romjulstida. Lesetips: Karsten og Petras julebok, Snekker Andersen og julenissen, Pulverheksa møter julenissen, Doctor Proctor redder jula.

 

I DAG SKAL VI HA FILMKVELD!

Sjå ein julefilm saman, lag ein haug med popcorn og benk heile familien foran TV-en med puter og pledd. Kanskje middagen også kan spisast i stua denne eine dagen? Filmtips: Pippis jul, Grinchen, Alene hjemme, Reisen til julestjernen, Polarekspressen, Arthurs julegaverace, Gutten og snømannen, Snekker Andersen og julenissen.

 

I DAG SKAL VI PYNTE PEPPERKAKEHUS!

Pepperkakehuset kan du gjerne bake i forkant om det ikkje er tid til begge deler. Kjøpedeig eller kjøpehus er også helt ok! Lagar du eigen deig, så hugs at du må lage denne kvelden før. Og når ein pyntar pepperkakehuset blir det fort ein del som går i magen også – det er jo sånn det skal vere.

 

I DAG SKAL VI BAKE JULEKAKER!

Pakk eventuelt inn ei kakeform og pynt. Her finner du bra oppskrifter på mange ulike julekaker. Kjøpedeig er også heilt ok!

 

I DAG SKAL VI PYNTE ROMMET DITT TIL JUL!

Det er ekstra stas med julestemning på eget rom. Om dykk allereie har laga litt julepynt kan dette komme til nytte her.

 

I DAG SKAL VI LAGE TIL- OG FRÅ-LAPPER TIL JULEGÅVENE!

Klipp ut former i raudt papir, lag lappar av barnet sitt handavtrykk, mal med fingermaling og dekorer med glansbilder. Moglegheitane er mange, og heimelagde lappar er det ekstra koseleg å få.

 

I DAG SKAL VI BAKE LUSSEKATTAR! 

Her finn du oppskrift på lussekattar. Denne aktiviteten kan du enten legge til dagen før Lucia eller same dag. Kva med å kombinere nybakte lussekattar med å dra på overraskelses-Lucia til nokon dykk kjenner?

 

I DAG SKAL VI LAGE JULEGÅVEPAPIR!

Rull ut ein rull med gråpapir på golvet, teikn, mal og dekorer. Vips, så har dykk heimelaga og miljøvennleg gåvepapir! Gråpapir kan du kildesortere som papir, i motsetning til glansa gåvepapir som kastast i restavfallet.

 

I DAG SKAL VI PÅ JULEFORESTILLING!

Du har kanskje allereie planlagt, eller til og med kjøpt billetter til ei juleforestilling? Ein perfekt opplevelsesgåve til kalenderen. Kjøp billettar på førehand og pakk dei inn på den aktuelle datoen. Sjekk lokalavisa for kva som skjer av juleaktivitetar for barn der dykk bur. Mange bibliotek arrangerar forestillingar og høytlesingar før jul. 

 

I DAG SKAL VI SPELE SPEL!

Brettspill-kveld er hyggeleg for heile familien. Om du vil, pakk inn terning, brikke og kort fra ein kortstokk. La barna få velge sitt favorittspel!

 

I DAG SKAL VI FINNE JULETRE OG GI DET EIT NAVN!

Dette er dagen for å velgje juletre saman og gi treet navn. Personifisering av treet vil slå an hos barna! Kva med treet Einar, Knut eller Siv? Då blir det ein eigen svung over å pynte treet! «Kom, no skal vi pynte Einar”!

 

I DAG SKAL VI ……….. AKE? GÅ PÅ SKØYTER? STÅ PÅ SKI? DRA PÅ LEIKEPLASSEN?

Velg ein aktivitet som passar dine barn og muligheitane i ditt nærmiljø . Tips: dette kan bli flere ulike aktiviteter i kalenderen.

 

I DAG SKAL VI LAGE MARSIPANFIGURER!

Pakk gjerne inn marsipan og konditorfarge. Dette blir i tillegg fine julegåver. To fluger i ein smekk!

 

I DAG ETER VI FRUKOST MENS VI SER PÅ TV!

Ein kickstart på dagen for barna (og dei vaksne?). Det blir god stemning når ein gjer noko anna på morgonen enn ein pleier!

 

I DAG SKAL VI LESE …………….

Å lese julefortellingar for barna er ekstra koseleg når det nærmar seg jul. Vi treng alle komme litt nedpå den siste tida før jul. Les enten i sofaen eller i senga når barna skal leggje seg. Høytlesningstips: Karsten og Petras julebok, Snekker Andersen og julenissen, Jul hos musefamilien, Pulverheksa møter julenissen, Doctor Proctor redder jula.

 

I DAG SKAL VI BESØKE ……………. JULEMESSE? BESØKSGÅRD? BESTEFORELDRE?

Sjekk lokalavisa for kva som skjer av juleaktivitetar for barn der dykk bur, eller lag ein plan om ein overraskingsdag saman med besteforeldre. Kanskje det er noko du allereie pleier å ta barna med på som kan vere del av kalenderen?

 

I DAG BLIR DET JULEDISCO! 

Demp lysa, finn frem rockefoten og lag juledisco!

Sjekk ut denne spelelista til julediscoen.

Bruk kalenderen slik

adventskalender_oversikt.jpg
  • Last ned kalenderen

  • Skriv ut og klipp til

  • Fest aktivitetar saman med talet som passar

  • Heng opp!

Kalenderen har 24 luker der kvar luke inneheld ein aktivitet famiien kan gjere saman. Det er også nokon av lukene som er blanke. Her kan du byte ut og legg til aktivitetar som passar din familie.

 

Lykke til!

 

freestocks-sM2nqDvg0AM-unsplash

Pakketips

Bruk gråpapir som innpakningspapir. Det kan kildesorterast som papir. Vanleg gåvepapir går i restavfallet.

Sorteringsguide

Andre aktivitetsforslag

  • Piknik i stua

  • Blåse såpebobler ute (frys til is når det er mange kuldegradar)

  • Spise julekaker

  • Spise julegrøt (med belønning til den som finn mandelen)

  • Lage julegåver

  • Lage julekort

  • Kle seg ut

  • Fargeleggje juleteikningar (gjer eit google-søk på «christmas coloring pages»)