Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Ekstremvêr? Slik løyser vi det.

Ekstremvêr? Slik løyser vi det.

Uavhengeg av vêr må bossdunkar tømast. Då er det viktig med eit godt samarbeid mellom innbyggjarar og renovatørar.

Tiltak ved sterk vind:

  • Sikre dunkar så lenge du kan før tøming.
  • Renovatørane våre legg dunken ned på bakken med hjula opp, som eit sikkerhetstiltak. Vi oppfordrar likevel alle som har moglegheit til det, om å følgje med på tøming, og sikre dunken straks den er tømt.
  • Er du ikkje heime? Sjekk om du kan alliere deg med ein nabo.
    Er du heime? Tilby hjelpa di til naboar som ikkje er det.

Ekstremvêr kan gjere store materiell skader. Verken du eller vi ønskjer bossdunkar flygande nedover gata. Difor ber vi om forståing for at vi er avhengig av eit godt samarbeid med deg som innbyggjar for å kunne levere ei teneste som både tek vare på kvalitet og sikkerheit.

Ver forsiktig i blesten 💚