Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Ikkje kast matfeitt i vask eller do

Ikkje kast matfeitt i vask eller do

Den o'store julemiddag er omsider inntatt. Men kva gjer du med restefeittet? Det er ikkje eitt feitt kvar du kastar det. Om du heller feitt frå pinnekjøt og ribbe i vasken blir både røyra trasige og tett, og rottene glad og mett.

Feitt og saus du skal kaste, kan du la gå i matavfall, eller restavfall om kommuna di ikkje har innsamling av matavfall. 

Slik gjer du:

  • Små mengde olje i panna eller på steikebrettet kan du ta opp med tørkepapir. Dette kan du kaste saman med matavfall (restavfall om du ikkje har matavfall).
     
  • La feitt frå juleribbe, pinnekjøt, smultgryte og liknande stå til det er avkjølt og stivna. Skrap det deretter ut, og kast saman med øvrig matavfall (evt. restavfall). Bruk gjerne tørkepapir for å få med alt feittet frå gryter og panner før oppvask.
     
  • Feitt som ikkje stivnar kan du tøme i posen for matavfall og knyte godt igjen. Har du ikkje matavfall, heller du dette på tomflaske, set på korka og kastar i restavfall.

Du kan og bruke feittet på ny:

  • Olje frå bokser med fetaost og oliven kan du bruke i salatar eller supper.
  • Feitt frå pinnekjøt kan du dele i bitar og fryse ned som buljongterningar til lapskaus, sausar og andre retter.
  • Feitt er viktig ingrediens i mange rettar, entan i form av smør eller olje. Restar av ribbefett kan fungere like godt i mange samanheng. Tips om bruk av fett fra matlaging (restevenn.no)

Feitt i avløpsrøyra skapar problem 

Flytande og størkna feitt som havnar i vasken, set seg i røyra. Då tettast avløpsrøyra til, både dine eigne og kommunen sine røyr. Det hjelper ikkje at du heller på med varmt vann og såpe. 

Feitt i avløpsleidning og -pumper set seg godt fast og kan ofte ikkje spylast bort. Det gir mannskapet i kommuna ekstra arbeid og unødig helserisiko. Medan mannskapet fjernar feittet manuelt, må avløpspumper bli stoppa. Kloakkvannet går urensa til sjøen så lenge arbeidet pågår.

Kostnaden for ekstraarbeidet ligg i avløpsgebyret du betalar.

Rottene ❤ feitt

Heller du feitt i vask og do, inviterer du til rottefest og legger forholda godt til rette for at lokale bestanddeler aukar i omfang. Skadedyra elskar matfeittet som set seg på veggane i avløpsrøyra. Eitt rottepar kan i løpet av eit år vere opphav til tusen nye rotter. 

Difor: Bruk tørkepapir for å få alt feittet ut av gryter, panner og tallerkenar før oppvask. 

Info
Kjenner du nokon som burde lese dette?

Det gjør vi alle. Gjør vedkomande ei teneste og del saka.