Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Ny og betre MinRenovasjon!

Ny og betre MinRenovasjon!

MinRenovasjon er ein gratis app du kan laste ned for å blant anna få oversikt over henting av avfall der du bur og motta varsel om tømming. Du kan også ha dialog med ÅRIM ved behov, og få oversikt over sortering og gjenvinningsstasjonar i din kommune.

Vi ønskjer å gjere kvardagen litt enklare for innbyggjarane i Ålesundregionen. Med MinRenovasjon vil du heile tida ha oversikt over handtering og tømming av ditt avfall. No er appen oppdatert til en ny versjon, for å gi deg som brukar betre oversikt.

Du finn appen i App Store eller Google Play, og om du allerede har appen må du oppdatere denne for å få siste, nye versjon.

Her kan du laste ned Min Renovasjon

For Android: Last ned her
For iPhone: Last ned her

Tømmekalender med varsel

Tømmekalender viser datoar for kommande avfallstømming og kva slags avfallstype som blir henta. Det er mogleg å aktivere varsling på eit ønska tidspunkt i forkant, slik at appen seier i frå når det er på tide å sette fram dunken.

For at varsling skal fungere for deg, er det viktig at du har den nyaste versjonen av MinRenovasjon.

Har du ei slektning som treng ekstra oppfølging rundt avfallstømminga, eller passar du huset til ein ven som er bortreist? Då kan du enkelt legge inn fleire adresser ved behov.

Kom i gang med MinRenovasjon  på 1-2-3

  1. Last ned appen frå Google Play eller Appstore. Om du allereie har appen må denne oppdaterast til siste versjon.
  2. Søk opp kommunen din og legg til adressa di, eller gardsnummer/bruksnummer.
  3. Skru på varsling om du ønskjer det.
     

Viktig informasjon om varsling og tilgangar

Varslinger frå appen kan utebli på grunn av innstillingar på mobiltelefonene din. I dei fleste tilfella handlar dette om at appen ikkje har tillatinga som trengs.

Du må godta at appen kan motta varslingar, for å få varslingane du har behov for. Mobiltelefonene må også vere kobla til WIFI eller mobildata på ønskt varslingstidspunkt. Alle varslar som er sendt, eller forsøkt sendt, har du full oversikt over i appen under "varslingshistorikk".

Minrenovasjon ikon

Har du ikkje Min Renovasjon?

Last ned gratis-appen og få hentevarsel, snarveg til sorteringsguide og ein rekke andre funksjonar.

Last ned