Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Plukkanalyse

Plukkanalyse

Gjennom året analyserar ÅRIM avfall frå hushaldningar i utvalde områder. Desse plukkanalysene gir oss kunnskap om sorteringsatferden til innbyggjarane.  

Både samla sett, og kvar for seg, gir analysene viktig informasjon om avfallet i Ålesundregionen. Data frå disse plukkanalysene gir innsikt i kor gode vi er til å sortere, og lar oss måle korleis ulike verkemiddel fungerar. 

Plukkanalysene er eit viktig supplement til anna statistikk, og vi er heilt avhengig av slike analyser for å få eit korrekt bilde av verkelegheita. 

Vi gjer analyser på:

  • Restavfall
  • Matavfall
  • Papir og kartong
  • Plastemballasje
  • Glass- og metallemballasje

Så kva skjer eigentleg på ei plukkanalyse? 
På bildet ovanfor førebur ÅRIMs Tore Johan Holen analysa. Avfallet som skal analyserast er valgt ut frå eit ønskje om tiltrekkelig representativt volum, og er henta med eigen bil frå utvalde områder.

Som regel brukar vi 4 dagar med 4-5 personar. Både formål, taushetserklæring og framgangsmøte blir nøye gjennomgått før oppstart. 

Avfallsposar åpnast og innhaldet sorterast etter fraksjon (avfallstype) og veiast. Når det kun er finstoff igjen blir det tatt ut ein representativ del  av dette til detaljert analyse.

Og etterpå?
Plukkanalysa sit hovudmål er betre innsikt og forståing av avfallssamansetninga. Men den har og som mål å undersøke ressursane i restavfallet og kvantifisere desse, og undersøke feilsortering.

Resultatet av analysa blir brukt som beslutningsgrunnlag for framtidig planleiing og strategiske avgjersler. Dette betyr at detaljgrad og nøyaktigheit i sjølve plukkanalysa er særdeles viktig.