Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss
Vi søkjer sjåførar

Vi søkjer sjåførar

Ålesundregionens nye miljøselskap søkjer  fleire dyktige sjåførar

Innsamling av framtidas råvarer til gjenvinning er ei av dei viktigaste samfunnsoppgåvene i det grøne skiftet. Overgangen til ein sirkulær økonomi krev fleire tilsette i gjenvinningsbransjen. Dette gjer bransjen meir attraktiv enn nokon gang.

Som følgje av samanslåing av ÅRIM og Bingsa Gjenvinning AS riggar vi oss for framtida og treng fleire dyktige sjåførar.

Kva går jobben ut på?

Vi ser etter kvinner og menn som tar i eit tak, legg stolthet i trygg og elegant manøvrering av lastebil i tronge strøk, og som likar å vere aktive når dei jobbar.

Jobben krev fleksibilitet. Innsamlinga av avfall skjer først og fremst mellom klokka 06:00 og 14:00, men store avfallsmengder, høgtider og vêrforholda kan føre til behov for overtid.

Arbeidsoppgåver:

  • Innhenting av avfall i Ålesundregionen, først og fremst frå hushaldning
  • Vedlikehald og reinhald av bilane
  • Registrering av skadar på innsamlingsutstyr, og rapportering av eventuelle avvik
  • Bidra til å optimalisere køyreruter
  • Andre arbeidsoppgåver ved våre anlegg kan bli aktuelt

Vi ønskjer at du har:

  • Sertifikat klasse C
  • Sertifikat G8 for kran
  • YSK-bevis
  • Gjerne ADR
  • Gode norsk-kunnskapar

Vi håpar du er:

  • God på kundebehandling
  • Godt kjent med bruk av elektroniske hjelpemidler
  • Nøyaktig og ærekjær
  • Løysingsorientert og initiativrik
  • God på å samarbeide med andre

Vi kan tilby

  • Ei interessant stilling i ein av Noregs mest framtidsretta bransjar
  • Arbeid i ei solid bedrift med gode og trygge framtidsutsikter
  • Ryddige løns- og arbeidsvilkår
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein meiningsfull og viktig jobb der du er med på å samle inn framtidas råvarer

Arbeidstid- og stad er i hovudsak ordinær kvardag og lokal køyring, men til tider vil det vere lengre arbeidsdagar/ruter, med moglegheit for avspasering. Arbeidsstad har utgangspunkt frå vårt anlegg på Bingsa i Ålesund.

Vi ønskjer ein arbeidsstokk som representerer samfunnet vi er del av. Vi er opptatt av kulturbygging på arbeidsplassen, og å leggje til rette for at den enkelte i selskapet opplev både mål og meistring i arbeidskvardagen. Vi oppfordrar kvinner til å søkje.

 

Om arbeidsgivar

Bingsa Gjenvinning AS er registrert som morselskap med to dotterselskap; Bingsa Gjenvinning Næring AS og ÅRIM AS. Selskapet er organisert som eit samla selskap med omlag 90 tilsette og ei samla omsetning på over MNOK 200.

Selskapet leverer tenester som handterer heile verdikjeda frå; innsamling, transport og til behandling av hushaldsavfall, næringsavfall og slam. Dette inneber viktige oppgåver som mellom anna å sikre at høg grad av avfallet vert gjenvunne, nytta som fornybare ressursar og forsvarleg handtering av farleg avfall. Selskapet har vore gjennom ei omorganisering og er no rigga for vidare vekst og utvikling.

Selskapet har aktivitet i heile regionen og er eigd av Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Vestnes, Sykkylven og Stranda kommune.
Gå til stillingsutlysninga på Finn.no

Spørsmål om stillinga

Kontaktperson: Tom Haugen
Stillingstittel: Leiar for Innsamling
Telefon: 941 54 94

 
ÅRIM_innsamling02.jpg