Renovasjonsgebyret
Det er kommunestyret i kvar kommune som fastset renovasjonsgebyret, kostnadane er difor varierande i dei tolv ÅRIM-kommunane. Renovasjonsgebyret blir fakturert etter det som blir kalt sjølvkost. Dette betyr at du betalar for det renovasjonen kostar, ikkje meir - og ikkje mindre. Verken kommuna eller ÅRIM skal tene pengar på gebyret.