Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Papp, papir og kartong Papp, papir og kartong

Standardkvote: Standardbehaldar på 140 evt. 240 liter. Større mengder går som blanda avfall på miljøstasjonen.

Krav til levering

Sorter papir, papp og kartong i beholdar med blått lokk. Du kan sortere alle typer drikkekartong i behaldaren.

Papiret skal vere reint og tørt, og må befinne seg i behaldaren. Renovatøren tek ikkje med seg papp og papir som står ved sidan av avfallsbeholdaren. Hushaldningar som treng større dunk for papir får dette kostnadsfritt ved å kontakte ÅRIM.

Papiret blir samla i same bil som hentar sekkar for plastemballasje. Plastsekkane blir sortert ut etterpå. Papiret blir materialgjenvunne og gjort om til nye papirprodukt.

Hugs å brette papiret slik at det tar minst mogleg plass i behalderen.

Dette er papir, papp og kartong:

Alle typar papirprodukt frå aviser og melkekartong til pizzaesker og flyttekasser sorterer du i avfallsbehaldaren med blått lokk.

Slik gjer du det:

Større mengder papir leverer du på miljøstasjonen.

  1. Fjern eventuelle matrestar, metallspiraler eller harde permer frå papiret.
  2. Ta gjerne av plastvindu også.
  3. Sorter.
bilde_570 (2).jpg
Hugs å brette papiret så det tar minst mogleg plass i behaldaren.

Ja takk!

  • Drikkekartong
  • Pappeske
  • Transportemballasje
  • Vinkartong i papp
  • Bok med mjuk perm
  • Avis
  • Vekeblad
  • Reklame
  • Gåveinnpakning i kraftpapir
  • Brødpose i papir
  • Konvolutt
  • Skrivepapir
  • Papirposar til bakervarer
  • Teiknepapir
  • Gåveposar i papir
  • Makulert papir

Nei takk!

  • Papir med matrestar
  • Vått papir
  • Glansa gåvepapir
  • Brødpose i plast og papir
  • Boblekonvolutt
  • Kvitteringer
  • Tørkepapir
  • Serviettar
  • Lamineringsark
  • Skrapelodd
  • Innbundne bøker
  • Matpapir og bakepapir
  • Emballasje av plast og papir
  • Smørpapir
  • Våt bølgepapp
  • Tilgrisa emballasje

Vanlege spørsmål

Kva gjer eg medspiralhefter?

Spiral skal du fjerne frå heftene før dei vert sortert. Spiralen kastar du i restavfallet eller leverer den som metall på gjenvinningstasjonen.

Kva med brødposar og andre posar?

Brødposar i papir kan du sortere som papir.

Brødposar i plast sorterer du som plastemballasje.

Brødposar som består av både papir og plast kan du kaste i restavfallet. Då bidreg du til at desse ressursane også blir gjenvunne.

Dette gjeld også andre posar, som posar til bollar og sopp.

 

Kartong med aluminiumsbelegg inni?

Kartongar med aluminiumsfolie er til dømes mat- og drikkekartongar som har inneheldt sausar, hakka tomat og lignande. Alle desse kartongane kan på linje med mjølkekartongar, vere med i Returkartonglotteriet (skyll, brett og stapp).

Korka kan sitje på når du sorterer desse saman med annan kartong.

Kva med metallstiftar i papiret?

Det er ikkje nødvendig å fjerne metallstiftar frå til dømes ukeblader og magasiner før du sorterer dei.

Kva med papir og papp med matrestar og vått papir?

Papir med matrestar og vått papir kaster du i restavfallet. For å kunne sortere dette som papir kan du:

  • Ta bort matrestar (eit tynt fettlag går greit).
  • Sørg for at papiret er tørt før det vert sortert.

Papir som er vått eller tilgrisa øydelegger gjenvinningsprosessen.

Papirposar til bakarvarer

Rist ut restar frå posane før du sorterar dette saman med papiret. Rist gjerne rett i bakebollen slik at du får brukt opp alt.

Og vinduskonvoluttar?

Vinduskonvoluttar kan du sortere saman med papir. Ta gjerne av plastvinduet slika t gjenvinninga blir mest mogleg verdifull.

Kva med papir og kartong med plastbelegg?

Det er svært energikrevjande og vanskeleg å skilje papir frå plast.

Papir med plastbelegg egnar seg ikkje å gjenvinne med dagens teknologi. Derfor kan du kaste dette i restavfallet.

Kva med boblekonvolutt?

Boblekonvolutter består av både plast og papir. Dersom du skiljer desse frå kvarandre kan du sortere som papir og plastemballasje.

Om du ikkje skiljer dei må dette i restavfallet.

Kva med tapen på pappeska?

Ta gjerne bort tape som er lett å ta bort før sortering, så vert gjenvinninga endå meir effektiv.

Kva blir det til?

Papiret blir sortert og oppbløtt, og trykksverte, lim og stiftar blir fjerna. Den reine massen med returfiber som kommer ut av prosessen blir gjenvunnet til blant anna avispapir, pappemballasje, dopapir og skrivepapir.

Pappen blir samla inn, sortert og pressa i store ballar. Brukt bølgepapp er ei etterspurd råvare som blir solgt vidare til papirfabrikkar i Norge og utlandet. Den brukte pappen blir brukt som råstoff i produksjon av nytt papir og ny emballasje.

I nokon tilfeller kan returfiberen vere forurensa eller øydelagt, slik at det ikkje kan bli materialgjenvunnet. Dette utgjør eit begrensa volum og blir som regel energiutnytta.

Emballasjekartong går inn i et kretsløp saman med annen kartong, papir og papp og blir til nytt papir og nye papp- og kartongprodukt.

 

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir