Søk

Lukk
Info
Fann du ikkje det du lurte på?

Søk igjen, eller kontakt vårt kundesenter!

Kontakt oss

Plastemballasje Plastemballasje

Standardkvote: Det fins ingen begrensning for kor mykje plast du kan sortere til renovasjonsinnsamling.

Krav til levering

Sorter plastemballasje i gjennomsiktig sekk frå ÅRIM. Plasten skal være rein og tørr før sortering. Husk å knytte sekken med dobbel knute. Dette er for at posen ikkje skal åpne seg under frakt og plasten blande seg med papp- og papir og dermed øydelegge heile lasset for gjenvinning.

ÅRIM hentar plastsekken saman med papiret kvar fjerde veke.

Etter henting blir plastsekkane sortert ut av papiret og sendt til materialgjenvinning.

Dette er plastemballasje:

Plastemballasje er innpakning som har beskytta matvarer og andre produkt. Produkt laga av plast skal du ikkje sortere saman med plastemballasjen.Kjøper du ein leikebil i plast, skal du sortere innpakningen som plastemballasje. Plastbilen kastar du i restavfallet.

Slik gjer du det:

Det aller meste av plastemballasjen er klar for sortering når den er tom for mat- og produktrestar. Ei påleggspakke er  klar for sortering sjølv om den fortsatt er litt fettete.

  1. Tøm ut restar. Skylj i kaldt vatn og ta ei runde med oppvaskbørsten om nødvendig. Flasker kan du skylje med vatn og riste.
  2. Rist emballasjen drypptørr.
  3. Sorter.
Sortering av plastemballasje
Skylj, rist og sorter.

Ja takk!

  • Druebeger
  • Plastpakke
  • Spagettipose
  • Kjøttvareinnpakning i plast
  • Osteinnpakning i plast
  • Løkstrømpe
  • Påleggsemballasje i plast
  • Plastflaske utan pant
  • Plastfolie
  • Berepose i plast
  • Yoghurtbeger
  • Rømmebeger
  • Blomepotte
  • Plantebrett
  • Sjampoflaske
  • Oppvaskmiddelflaske
  • Snusboks

Nei takk!

  • Tilgrisa emballasje
  • Emballasje av plast og metall
  • Empallasje av plast og papir
  • Plastprodukt
  • Isoporemballasje
  • Skumgummi
  • Kontaktlinser
  • Pillebrett
  • Vedsekk
  • Sminke
  • Pakkeband

Vanlege spørsmål

Kva gjer eg med svært skiten plastsemballasje?

Om plasten er veldig skitten er det bedre at ein kastar den i restavfallet. Brukar du mykje varmt vatn for å reingjere emballasjen er det lite miljøvennlig. Skitten plastemballasje gjer dårlige arbeidstilhøve for dei som jobbar med gjenvinninga og kan i tillegg øydelegge for gjenvinninga av den andre plastemballasjen.

Kva gjer eg med produkt i plast?

Plast frå norske husholdninger består av mange forskjellige plastkvalitetar. Plast som ikkje er emballasje, for eksempel leker, hagemøblar, bøtter, hageslangar, kjøkkenreiskap og anna skal ein ikkje levere saman med plastemballasjen.

Årsaken til dette er at plastemballasje og anna plast kan ha ulik sammensetning og smeltepunkt og difor ikkje kan materialgjenvinnast saman. Finn ut kor du kan levera produkt av plast.

Produkt i plast leverer du til gjenvinningsstasjonen. Små produkt i plast kan du kaste i restavfall.

Kva gjer eg med blandingsemballasje?

Emballasje som er satt saman av forskjellige material (plast/papir eller plast/aluminium) kan ikkje gjenvinnast saman. Denne emballasjen kan ein kasta i restavfallet. Dette gjeld også brødposer som ofte består av papir og plast.

Dersom du enkelt kan skilje papir og plast frå kvarandre kan du sortere i papir og plastemballasje. Då bidreg du til at ressursane blir gjenvunne til nye material.

Bioplast, nedbrytbar og komposterbar plast?

Bioplast sorterer ein som plastemballasje, mens nedbrytbar og komposterbar plast skal i restavfallet.

Nedbrytbar og komposterbar plast vil øydelegge kvaliteten på produkt som vert laga av gjenvunne plast. Emballasjen er oftest merka dersom den er ein av disse typene. Navna til desse nye plasttypane kan gje inntrykk av at desse kan kastast og brytast ned i naturen. Det stemmer ikkje. Både bioplast og nedbrytbar plast blir til mikroplast når den hamnar i naturen.

Etikettar og papir på plastemballasjen?

Ta av papir som er lett å ta av, som papir rundt kjøttdeigpakka. Etiketter kan ein la stija på.

Etikettar vert skilt bort i vaskeprosessen på gjenvinningsanlegget plastemballasjen vert levert til. 

Dersom det er mykje papir på plasten kan den bli avvist i sorteringsprosessen. Då blir den ikkje gjenvunne til ny plast.

Cellofan?

Mange kaller knitrande, blank folie for cellofan, sjølv om det som oftest er plast. Folie rundt blomster f.eks. kan ein sortera som plastemballasje. Er du i tvil om det er cellofan eller plast, så kan du ta vritest. Åpner vridningen seg igjen, så er det plast. Åpner den seg ikkje, så er det cellofan. Cellofan kan ein kasta i restavfallet.

Emballasje du ikkje veit kva er?

Dei fleste norske produsenter merkar emballasjen med et symbol som viser korleis emballasjen skal sorteras. Sjå først etter dette. Emballasje som er satt saman av ulike material skal i restavfallet.

Er du usikker på om det er papir eller plast, kan du ta en rivetest. Er det lett å rive, er det ofte papir. Krøllar du det saman og det sprett ut, er det ofte plastemballasje.

Samlar det seg til en klump, er det gjerne metallemballasje, som aluminium.

Svart plastemballasje?

Svart plastemballasje sorterer du saman med annan plastemballasje.

Svart plast kan vere vanskelig å lese hjå sorteringsanlegga, spesielt den typen som vert omtalt som carbon black. Nokon greier det i dag, men ikkje alle.

Sorteringsanlegga og Grønt punkt Norge jobbar med å få fram nye løysingar for å få få gjenvunne meir av den svarte plastemballasjen.

Difor anbefalas det at du sorterer all svart emballasje som plastemballasje.

Kva blir det til?

Plastemballasjen blir pressa til store baller og levert til returselskapet Grønt Punkt AS.

Fordi det finnes få moglegheiter for gjenvinning av plasten i Norge, blir plasten frakta vidare til store sorteringsanlegg i blant anna Nord-Tyskland. 

Grønt Punkt krever dokumentasjon frå anlegga som mottar plasten om kvar den faktisk ender opp. I 2019 blei plasten materialgjenvunnet til nye produkt i desse landa:

  • Tyskland 76%
  • Belgia 7%
  • Bulgaria 6%
  • Finland 5%
  • Nederland 4%
  • Estland 1%

Om lag 2/3 av all innsamla plast blir sortert ut til materialgjenvinning. Resten er ureinske, etikettar og plast som ikkje egnar seg til materialgjenvinning.

Les meir om kva din kildesorterte plast kan bli til på grontpunkt.no

Kva vil du sortere?

shortcut_card

Miljøstasjonskort

Sjå kor mykje du har igjen på kvota. Treng du nytt kort?

Les Meir

Treng du fleire sekkar til plastemballasje?

Knytt ein vanleg berepose på dunken din. Då legg renovatøren igjen ein rull med nye plastemballasjesekkar til deg.