Marin forsøpling - eit alvorleg miljøproblem
Havet er fylt med store mengder plast, metall, trevirke, papir og tekstilar. Det er særleg plasten som er eit alvorleg miljøproblem; både plasten som fiskane trur er mat, og den som dei blir vikla inn i.
Meld inn ryddeaksjonen
Det er svært viktig at vi er mange som bidrar og ryddar. Dette er eit dugnadsarbeid som krev mange hender og mykje arbeid. Det ÅRIM kan gjere, er å ta ansvar for avfallet folk leverer inn. Det er snakk om store mengder avfall, det er difor svært viktig at folk melder inn på førehand kor mykje dei skal levere. Da kan ÅRIM få dekt kostnadar vi har med å sende avfallet til riktig behandling.
Du kan få avfallet henta, eller levere det til ein miljøstasjon
Når du fyller ut skjemaet, informerer du om kva du planlegg å gjere med avfallet. Du kan enten plassere det slik at vi får henta avfallet med renovasjonsbil, eller du kan levere det sjølv til ein bemanna miljøstasjon i opningstida.
ÅRIM tek imot avfall som folk har rydda og samla langs strendene i regionen. Vi kan ikkje ta imot næringsavfall, altså avfall som bedrifter sjølve er ansvarlege for.