Skip To The Main Content

Strandrydding

Kontakt kundesenter:
70 31 41 00
post@arim.no

Takk for at du vil rydde strendene i nærområdet - dette er ein viktig jobb for miljøet.

Slik gjer du det:
1. Opprett ryddeaksjon hos Hold Norge Rent. Få aksjonskode.
2. Fyll i tillegg ut dette skjema, der du informerer ÅRIM om kvar du skal rydde.
3. ​Lever til miljøstasjonen: Ta med aksjonskoden og vis fram på miljøstasjonen​.

Både Hold Norge Rent og ÅRIM må ha informasjonen, for å få dekt utgifter til å behandle avfallet folk samlar inn. Vi håper du er litt tolmodig og kan fylle ut begge skjema.

Spørsmål om Korona? Følg alltid smittevernsråd gitt av Folkehelseinstituttet.

Skriv aksjonskoden her.

Lever avfallet til miljøstasjonen

Du kan levere avfall frå strandrydding til alle våre bemanna miljøstasjonar. Ved levering må du ha med aksjonskoden frå Hold Norge Rent.

Fyll ut namn på person som har ansvar for å levere avfallet.
Fyll i dagen/dagane du vil rydde
Dette er eit anslag, slik at vi er førebudd på kva mengder du kjem med.

Marin forsøpling  - eit alvorleg miljøproblem

Havet er fylt med store mengder plast, metall, trevirke, papir og tekstilar. Det er særleg plasten som er eit alvorleg miljøproblem; både plasten som fiskane trur er mat, og den som dei blir vikla inn i.

Meld inn ryddeaksjonen
Det er svært viktig at vi er mange som bidrar og ryddar. Dette er eit dugnadsarbeid som krev mange hender og mykje arbeid. Det ÅRIM kan gjere, er å ta ansvar for avfallet folk leverer inn. Det er snakk om store  mengder avfall, det er difor svært viktig at folk melder inn på førehand kor mykje dei skal levere. Da kan ÅRIM få dekt kostnadar vi har med å sende avfallet til riktig behandling.

Du kan levere avfallet til ein miljøstasjon
Når du fyller ut skjemaet, informerer du om kva du planlegg å gjere med avfallet. Du kan levere avfallet sjølv til ein bemanna miljøstasjon i opningstida.

​ÅRIM tek imot avfall som folk har rydda og samla langs strendene i regionen. Vi kan ikkje ta imot næringsavfall, altså avfall som bedrifter sjølve er ansvarlege for.