Mykje emballasje er sokalla blandingsprodukt. Det betyr at emballasja er lagd av ulike typar material som ikkje enkelt let seg separere frå kvarandre. Dermed er det ikkje mogleg å gjenvinne.
Men stadig fleire produsentar tek grep for å utvikle emballasje av reine fraksjonar, slik at det kan gå inn i krinsløpet. Du vil i aukande grad se fleire sorteringsmerker på produkta du kjøper, og på avfallsbehaldarar rundt deg.
Dette er eit viktig steg i prosessen med å få meir av avfallet sortert rett, og auke kvaliteten på avfallet renovasjonsselskapet sender frå seg til etterbehandling.